annonse

Samferdsleministeren til Dale

TIL DALE
TIL DALE: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen kjem på nytt til kommunen for mellom anna å snakka om framtida for hovudvegen Bergen-Voss, slik han gjorde for to år sidan. (Foto: Arkiv)
HÅPAR PÅ GODT FRAMMØTE
HÅPAR PÅ GODT FRAMMØTE: Lokalpolitikar Boris Groth (t.v.) og stortingsrepresentant Helge Andre Njåstad har stått i bresjen for å få til dette møtet lokalt i Vaksdal med samferdsleministeren. (Foto: Magne Solhaug)

K5 vert det viktigaste temaet når samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) deltek på ope møte på Dale komande søndag.

Magne Solhaug

– Me registrerer at andre parti er flinke å lova oppstart av K5 i 2021 nærast uansett. Me er glade for at Solvik-Olsen og me i Framstegspartiet får høve til å komma med våre synspunkt i den debatten, direkte til folka som dette rører mest, nemleg de her i Vaksdal, seier stortingsrepresentant Helge Andre Njåstad til VP.

– Som ein hund

Hordalandspolitikaren har saman med Boris Groth trekt i trådane for å få i stand dette møtet, som skal haldast hjå nyetablerte Dalegarden Outlet & Cafe på Dalegarden.

– Boris er på som ein hund heile vegen, og han er flink til å komma med innspel til oss på Stortinget om ting som opptek folk i Vaksdal, slikt som K5, seier Njåstad.

– Kan dei, så kan me

– Senterpartiet og Arbeidarpartiet seier K5-start i 2021 no, slik regjeringa også antyda frå først av. Men så vart det 2023?

– For å gjera det heilt klart. Seier Senterpartiet og andre at dei skal klara K5-start i 2021, ja, så seier me at me skal klara det også. Det har heile tida også vore målet for oss, og er det sjølvsagt framleis, hevdar Njåstad.

Mørke tunnelar

Han presiserer at på møtet på Dalegarden, vil også dette med det store vedlikehaldsbehovet på dagens E16 verta tema.

– Og ikkje minst mørke tunnelar. Me har nett køyrt gjennom Beitlatunnelen i totalt mørke, det er heilt håplaust at det må vera slik. Dette må me no få ei ordning på, seier Helge Andre Njåstad.

– Noko alle er opptekne av

Boris Groth håpar på stort frammøte og godt engasjement på søndag.

– Eg er glad for at me har fått dette til, og eg håpar folk nyttar dette gode høvet til å møta samferdsleministeren vår og høyra han snakka om eit tema som eg trur alle i Vaksdal er svært opptekne av, seier Groth.

– Vert det høve til spørsmål frå publikum?

– På eit eller anna vis så håpar me det, det spørst litt på tida om den strekk til. Uansett så er både ministeren og me andre frå Framstegspartiet på Dalegarden på søndag både for å snakka til folket, og lytta til dei, seier Groth og Njåstad.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.