annonse

Seniordansarane gjorde ære på Ruth

ÆRESMEDLEM
ÆRESMEDLEM: Ruth Olsnes vart utnemnd til æresmedlem. Frå venstre fungerande danseleiar Marie Torgersen, assisterande danseleiar Eli Holdhus, Ruth Olsnes og leiar i Dale seniodans Ragnhild Sellevold. (Foto: Esben Hesjedal)

DANS: For 17 år sidan starta Ruth Olsnes (82) opp med seniordans på Dale. Nyleg heidra danseglade damer danselæraren sin.

Esben Hesjedal

Dale Seniordans utnemnde nemleg Ruth til æresmedlem, for utan den driftige daledama sin innsats, så hadde truleg det ikkje vore noko seniordans på Dale.

Pioner innan seniordans

– Ein dag i 2002 sat Ruth og høyrde på radioen. Der snakka dei om noko nytt som vart kalla seniordans. Ruth tente på ideen, melde seg på kurs og ikkje lenge etterpå var Dale Seniordans i gang. Heilt fram til i fjor leia du oss med stødig hand. Når me har vore ute og reist med andre seniordansarar, så har me alltid fått skryt for at me kan dansane så godt, og det er det di kyndige leiing å takka, sa fungerande danseleiar Marie Torgersen då ho overrekte blomar og ein diplom som bevis på æresmedlemskapen.

Tysdagsdans

Tysdag har vore den faste seniordansdagen, og Ruth har stilt trufast opp.

– Det står respekt av det du har gjort og ofra for seniordansen. Me har gledd oss til kvar tysdag, og lurt på kva nye dansar og opplegg du har klekka ut. Men me har kanskje ikkje tenkt over kor mykje arbeid som ligg bak. Du er seniordansen si mor her på Dale, og me saknar deg som danseleiar. Men me set pris på at du ofte stikk innom på tysdagane, sa Torgersen.

Overvelda

Olsnes sjølv var både overraska og rørt over heideren. Nær alle seniordansarane var samla til festleg lag, og dei hadde lurt Ruth til å tru at det berre var ei vanleg lita samling.

– Nei, no vart eg heilt overvelda. Tusen takk, dette er reint for mykje, smilte Olsnes, før det vart varme klemmar og fotografering.

Frå turn til seniordans

Før ho starta med seniordans, var Ruth Olsnes i mange år sentral i turngruppa i Dale IL.

– Eg var van med å øva inn program til turnstemne som me reiste på, så overgangen til seniordans var ikkje så stor. Det har vore ei stor glede å fått lova til å leia dei kjekke seniordansarane på Dale alle desse åra. Eg har også syntest det har vore interessant å vera engasjert i arbeidet med seniordansen i regionen vår her i Hordaland. Dette var verkeleg kjekt, tusen takk, sa ei rørt Ruth Olsnes.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.