annonse

Senterpartiet, SV og Høgre vil styra i Vaksdal

NYTT POLITISK STYRE
NYTT POLITISK STYRE: Hege Eide Vik og Senterpartiet vil saman med SV og Høgre i Vaksdal truleg utgjera ein fleirtalskoalisjon i Vaksdal dei neste fire åra. (Foto: Arkiv)

Seint tysdag kveld vart det klart at det går mot ein fleirtalskoalisjon mellom Senterpartiet, SV og Høgre i Vaksdal dei neste fire åra.

Esben Hesjedal

Etter kommunevalet sit dei tre partia med 12 av dei i alt 21 representantane i kommunestyret.

Forhandlingar

– Partia har i dag 24/9 gjeve sine forhandlingsutval støtte til å gå vidare med forhandlingar om ein fleirtalskoalisjon i Vaksdal dei neste fire åra. Ein har som mål å koma fram til eit forhandlingsresultat innan 4. oktober, heiter det i ei felles melding frå dei tre partia.

Meldinga er signert listetoppane og dei tre partia sine ordførarkandidatar Hege Eide Vik (Sp), Kjartan Haugsnes (SV) og Erlend Hesjedal-Johannessen (Høgre).

– Sp, Høgre og SV i Vaksdal er positive til at forhandlingane no kjem i gang, og det er desse tre partia sitt utgangspunkt å koma fram til ein avtale som vil vera til det beste for innbyggjarane i kommunen vår, står det i meldinga.

Ordførarspørsmålet

På spørsmål frå VP om kven som er tenkt å ha verva som ordførar og varaordførar, seier SP sin listetopp Hege Eide Vik at ein førebels ikkje har noko meir å seia om saka enn det som står i meldinga frå partia.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.