annonse

Skal vinna ut bitcoin i Dale Fabrikker

DATASENTER
DATASENTER: Arild Stamnes i Dale Fabrikker AS framfor dei første datamaskinene som allereie er sette i drift. (Foto: Esben Hesjedal)

Selskapet Kryptovault AS har inngått avtale om å leiga 10.000 m² i Dale Fabrikker for å etablera eit datasenter som skal vinna ut bitcoin.

Esben Hesjedal

– Me skal etablera eit datasenter på Dale, og dei første maskinene er allereie på plass, opplyser dagleg leiar for Kryptovault AS, Rein-Owe Flister, til VaksdalPosten

Opsjon på det doble

I avtalen som Kryptovault har inngått med Dale Fabrikker AS om å leiga 10.000 m², ligg det også ein opsjon på leige av ytterlegare 10.000 m² til vidare etablering.

– Me har valt Dale Fabrikker først og fremst på grunn av lokaliseringa nær store mengder sikker kraft, samt den infrastruktur som allereie er på plass i fabrikkbygningane. I tillegg kan me her, i motsetning til dei fleste andre aktuelle lokasjonar, komma raskt i produksjon på høge straumvolum. BKK er i denne samanheng ein viktig samarbeidspartnar, seier Flister.

Størst i landet

Det er Rein-Owe Flister, som er tidlegare politimann, og it-ekspert Kjetil Hove Pettersen, som står bak Kryptovault AS. I desember i fjor omtalte Dagens Næringsliv duoen som dei som truleg i løpet av kort tid vil verta Noregs største på utvinning av kryptovaluta. Selskapet har base på Forus utanfor Stavanger, og satsar først og fremst på bitcoin.

Kryptovaluta er eit digitalt betalingsmiddel som vert vunne ut ved at datamaskiner som treng store kraftmengder står og jobbar.

Miljøperspektiv

– Datasenteret på Dale krev mykje straum, og tilgangen på straum raskt vil vera avgjerande på kor stort dette blir, seier Kjetil Hove Pettersen, som er styreleiar og teknisk ansvarleg for Kryptovault AS.

Han peikar på at etableringa på Dale også har eit miljøperspektiv.

– Nokre av verdas største datasenter ligg i dag i Kina, og vert hovudsakleg drifta på kolkraft. Vår produksjon er basert på kortreist, miljøvenleg og fornybar vasskraft. Det at ny kapasitet blir utplassert på Dale og ikkje i Kina, er både lønsamt, miljøriktig og vil gje skatteinntekter og arbeidsplassar lokalt, seier Hove Pettersen.

Investorar

Størstedelen av maskinparken vil bli finansiert av eksterne investorar.

– Men maskinparken vert drifta av oss. Me har hatt stor pågang frå investorar som vil investera, og den siste tida har det å få tak i maskiner vore den store utfordringa. Men det ser no ut til å bli lettare framover, fortel Rein-Owe Flister.

Maskinparken vil verta nedkjølt med vatn frå Dale Fabrikker sin dam.

– Vi vil ta i bruk vasskjøling, og undersøkjer no moglegheitene for å få utnytta det oppvarma vatnet til noko positivt. Dersom nokon har gode idear her, er det berre å ta kontakt, seier Kjetil Hove Pettersen

Kartleggingsfase

Etableringa på Dale er no i ein kartleggingsfase, og særleg kor mykje straum som kan nyttast er ein viktig faktor. Det vil vera avgjerande for kor stor etableringa vert og kor mange arbeidsplassar som følgjer med.

– Talet på arbeidsplassar som vil komma på Dale er avhengig av kor mykje straum som kan leverast inn til fabrikklokala. Jo meir me får inn, jo meir kan me skalera opp. No er me i ein fase der me kartleggjer kor raskt me kan skalera opp kapasiteten. Når denne prosessen er gjennomført vil me ha eit klarare bilete av tidslinja og kor mange tilsette me treng lokalt, seier Flister.

Skal tilpassa lokala

Arild Stamnes i Dale Fabrikker er svært fornøgd med etableringa ein no er i ferd med i gjera.

– Dale Fabrikker AS si rolle i dette er å tilretteleggja og leiga ut lokala. Me er i full gang med å tilpassa lokala med den infrastrukturen som Kryptovault ønskjer. Sist veke vart dei første maskinene sett i drift, seier Stamnes.

Arild Stamnes viser VP rundt i det som no er store, tomme lokale, men der det om ikkje lenge vil stå rader med tusenvis av datamaskiner.

– Me har infrastrukturen, det vil seia vatn, straum, ventilasjon og så vidare, frå den tida det vart drive tekstilverksemd i stor skala her. Ved å tilpassa det til nye næringar, kan me tilby noko svært attraktivt, seier Stamnes.

Lokale ringverknader

Han trur at etableringa som no er i gang, vil kunna skapa positive ringverknader lokalt.

NY AKTIVITET
NY AKTIVITET: I Dale Fabrikker har det tidlegare vore tekstilverksemd. No vert det datasenter bak dei kvitmåla fabrikkveggene. Foto: Esben Hesjedal

– Når me jobbar med tilrettelegging av lokala, så brukar me i stor grad lokal arbeidskraft. Når ein kjem i ein driftsfase, vil dei som leiger lokale trengja både varer, utstyr og arbeidskraft. Eit datasenter som dette skal til dømes vera bemanna og overvaka 24 timar i døgnet, seier Stamnes.

Han fortel at Vaksdal kommune har vore orientert om prosessen for å få aktivitet i dei gamle fabrikklokala.

– Ordførar Eirik Haga har vore ein god medspelar på vegner av kommunen. Me trur jo begge at ny etablering vil gje positive ringverknader for lokalsamfunnet, seier Stamnes.

40.000 m²

Dale Fabrikker sin totale bygningsmasse er 40.000 m². Ein del av desse er leigt ut til ulike leigetakarar. No skal Kryptovault leiga 10.000 m², og har opsjon på å leiga ytterlegare 10.000 m².

– No får me konsentrera oss om denne etableringa i første omgang, og truleg blir Kryptovault det einaste datasenteret hjå oss. Kva som kan skje seinare med annan ny type verksemd i det som står att av ledige lokale, er vanskeleg å seia i dag, seier Stamnes.

FAKTA:

Kryptovaluta er eit digitalt betalingsmiddel som nyttar seg av kryptografi for å sikra transaksjonar og kontroll over generering av nye valutaeiningar.

Kryptovalutaer nyttar seg av desentralisert kontroll, i motsetning til regulære valutaer der kontrollen normalt er sentralisert hos ein statsbank. Bitcoin er den mest kjende kryptovalutaen.

I 2009 vart bitcoin lansert som den første kryptovalutaen med desentralisert kontroll. I praksis er dette også den einaste kryptovalutaen som har fått stor internasjonal utbreiing.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.