annonse

Skøyta er berga, men øydelagt

HEVA
HEVA: Heile "Nesheim" vart søndag heva. På dekk Håkon Eidnes, som saman med far og reiar Bjarne Olav Eidnes har jobba med hevinga. (Foto: Magne Solhaug)
HEVING
HEVING: Frå hevingsarbeidet søndag. (Foto: Magne Solhaug)
HEVA
HEVA: Søndag vart «Nesheim» heva ved Stamnes motorverkstad. (Foto: Magne Solhaug)
LAURDAG
LAURDAG: Slik såg det ut laurdag, då berre delar av skuta var heva. (Foto: Magne Solhaug)

Hevinga av «Nesheim» som gjekk ned ved Stamnes Motorverkstad onsdag, heldt fram søndag, men stansa på kvelden. Fløande sjø gjorde det umogleg å lensa «Nesheim» for vatn.

Magne Solhaug

Eigar Bjarne Olav Eidnes konkluderte søndag kveld med at skuta no definitivt er berga, men også heilt øydelagt. Den skal ifølgje Eidnes sendast ut frå bygda, og mest truleg destruerast.

– Men først må me få skuta til å flyta, me håpar det kan skje i morgon, måndag, på fjærande sjø. Etter litt problem fekk med til vår eiga lensepumpe, og så får me også no låna pumpe hjå Vaksdal kommune, seier Eidnes til VP søndag kveld.

ms@vp.no



Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.