annonse

Skulen på Dale er riven

RIVEN
RIVEN: Tysdag vart siste del av barneskulen riven. Tomta skal no ryddast før grunnarbeidet på ny skule tek til. (Foto: Esben Hesjedal)
RIVING
RIVING: Siste del av barneskulen vert riven. (Foto: Esben Hesjedal)
RIVING
RIVING: Store maskiner riv skulen. (Foto: Esben Hesjedal)
: Riving av barneskulen på Dale (Foto: )
RIVING
RIVING: Skuleklokka tel sine siste minutt. (Foto: Esben Hesjedal)
RIVING
RIVING: I helga kunne ein sjå rett inn i gymsalen på barneskulen, og uttrykket "open gymsal" fekk nytt innhald. (Foto: Esben Hesjedal)
RIVING
RIVING: Siste del av barneskulen vert riven. (Foto: Esben Hesjedal)
RIVING
RIVING: Barneskulen vert riven. (Foto: Esben Hesjedal)

Tysdag vart dei siste bygningsdelane av barneskulen på Dale rivne.

Esben Hesjedal

Med det er den delen av ungdomsskulen med klasserom, gymsal og symjebasseng som skal rivast i denne omgang, jamna med jorda, i tillegg til heile barneskulen. Igjen står e-bygget, nærast Dalseidvegen, som i dei to neste skuleåra skal nyttast av ungdomsskulen. Barneskuleelevane skal som kjent sendast til modulskulen på Stanghelle medan nyeskulen på Dale vert bygd.

Held tidsplanen

Driftsleiar Jon Stig Hesjedal hjå hovudentreprenøren Consto A/S fortel at ein held tidsplanen for rivinga.

– Rivingsarbeidet har gått greitt. Finvêret har gjeve litt støyutfordringar, men det aller meste har me fått dempa med å vatna. Men litt støv vil det alltid bli, seier Hesjedal.

Det siste som skal rivast er leilegheitsbygget bak barneskulen, kalla Skulen 2.

– Det bygget startar me truleg å riva fredag eller måndag. Det tek nok ikkje meir enn ein dag å riva dette, seier Hesjedal.

Grunnarbeid i haust

Framover skal massane frå bygga som er tekne ned sorterast og køyrast vekk. Ifølgje tidsplanen skal grunnarbeidet starta for alvor den siste veka i august.

– Det skal skifast ut ein del massar og så startar ein på pelinga. Det vil seia å bora ned røyr i grunnen til ein kjem på fjell.

– Vil dette arbeidet føra med seg mykje støy for elevane som skal starta på ungdomsskulen like i nærleiken?

– Nei, det trur eg ikkje vert noko stort problem, seier Jon Stig Hesjedal.

eh@vp.no





Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.