annonse

Snart kjem det 30-sone forbi Stamnes skule

30-SONE
30-SONE: Snart vert det fartshumpar og 30-sone forbi skulen i Sanden. (Foto: )

Magne Solhaug

Før skulestart skal det etablerast både fartshumpar og 30-sone forbi Stamnes skule i Sanden.

Prosjektleiar Kåre Olav Aldal i Statens vegvesen fortel at 30-sona startar like ved brua over til «Fetæ». Den sluttar når ein kjem inn i skjeringa like forbi skuleplassen.

Tre fartshumpar

På denne om lag 200 meter lange strekkja skal det komma tre fartshumpar. Den første der to bustadhus ligg på kvar side av vegen, den andre like forbi bilvegen inn til skulen, og den siste på oppsida av skuleplassen.

– Planen var frå først av berre to fartshumpar. Etter at den har vore på høyring til Vaksdal kommune og trafikksikringsnemnda, er det blitt til tre, seier Aldal.

Tryggare ved skulen

Det er først og fremst på grunn av at fylkesvegen her passerer i ei rett strekkje tett inntil skuleområdet i Stamnes, som gjer at farten vert sett ned, frå 50 km/t til 30 km/t, og at det kjem tre fartshumpar.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.