annonse

Snø og skogbrannfare

SNØ
SNØ: 3. mai vakna folk opp til snø. (Foto: Skjermdump)
SNØ
SNØ: 3. mai var det snø på byggjeplassen til den nye skulen på Dale. (Foto: Esben Hesjedal)
SNØ
SNØ: 3. mai vakna folk opp til snø. (Foto: Esben Hesjedal)
SNØ
SNØ: 3. mai vakna folk opp til snø. (Foto: Esben Hesjedal)

Fredag morgon vakna folk opp til snø, og Yr melder både om snø, fare for vanskelege køyreforhold og skogbrannfare.

At vinteren kan gjera sine siste krampetrekningar i mai, har ein vel opplevd før. Men for 3. mai melde altså Yr i tillegg at det er fare for skogbrann. Ein litt uvanleg kombinasjon skulle ein tru.

Fleire stader i våre område låg det snø på bakken fredag morgon, og temperaturen var i låglandet like over null.

Vegvesenet melder at det kan liggja snø i vegen nokre stader, og oppmodar bilistar om å køyra forsiktig.

Snøen vil truleg forsvinna i løpet av dagen.

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.