annonse

Solid Beatles-framsyning i Dalehallen

BEATLES
BEATLES: Kordial lat svært bra under Beatlesframsyninga i Dalehallen fredag (Foto: )
BAND
BAND: Bandet som støtta Kordial under framsyninga, stod også godt på eigne bein. I midten vokalist og dirigent Jovana Solunovic Mitrovic. (Foto: )
FORTELJAR
FORTELJAR: Frode Kvamsøe gav publikum Beatles-historiar, ofte med eit humoristisk skråblikk. (Foto: )
FANN TONEN
FANN TONEN: Kapellmeister Thomas Nøkling på saksofin og Kordial fann tonen. (Foto: )

Kordial med band leverte ei svært solid framsyning bygd på Beatles sin musikk fredag kveld under Daledagane.

Gråvêret ute vart raskt gløymt i selskap med Kordial i Dalehallen. Saman med eit band det til tider gnistra av, auste koret frå Beatles si skattekiste.

Allereie i starten fekk publikum servert perler som Penny Lane og With a litle help from my friends, og dermed hadde ein Beatles-elskarane i salen i si hule hand.

Variasjon

Framsyninga baud på variasjon i form av at ein veksla mellom at Koret var i fokus og låtar med band og vokalistar regjerte åleine, som då trommis Helge Nyheim og dirigent Jovana Solunovic Mitrovic saman song Come Together på framifrå vis. I tillegg var Frode Kvamsøe henta inn som Beatles-ekspert, og han gav publikum både bandhistorie, bakgrunn for låtar og fortalde om sitt forhold til Beatles.

– Bård Ose har skrive ei bok som eg kallar Beatles-bibelen, og eg må vedgå at eg karakteriserer mitt forhold til Beatles som religiøst. Eg blir aldri lei musikken, og synest så godt som alt er bra, sa Kvamsøe.

God kvalitet

Publikum fekk servert ei heilstøypt framsyning av god kvalitet. Bandet, med Helge Nyheim (trommer), Morten Skage (bass), Frode Vik (keyboard), Arild Thomas Seim (gitar) og Thomas Nøkling (saksofon), lat akkurat så bra som eit band sett saman av proffe musikarar skal.

30 år etter

Helge Nyheim synest det var stas å vera tilbake i Dalehallen, der han i unge år har mange gode, musikalske minne frå. For akkurat 30 år sidan sleppte Helge Nyheim Project sin første singel.

– Dette var veldig kjekt, og ikkje minst imponerte koret meg. Litt artig at det akkurat i desse dagar er 30 år sidan me sleppte første singelen. Den vart presentert under Daledagane i 1987, smilte Nyheim.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.