annonse

Solskinsdagane er i gang

MAT
MAT: Kol- og gassgrill er forbode grunna brannfaren, men mat vert det likefull under Daledagane. (Foto: Esben Hesjedal)
MANGE UNGE
MANGE UNGE: Det var bra deltaking mellom dei unge under Daledagsløpet torsdag. (Foto: Esben Hesjedal)
DALEHALLEN
DALEHALLEN: Dale Musikkforening si Blues Brothers-framsyning gav publikum mykje god musikk. FRedag kveld er det ny framsyning. (Foto: Esben Hesjedal)
BRUKTMARKNAD
BRUKTMARKNAD: I dei tidlegare banklokala er det i år bruktmarknad. (Foto: Esben Hesjedal)
START
START: Klar-ferdig-gå, og så var årets Daledagar i gang torsdag. (Foto: Esben Hesjedal)
VENNER
VENNER: Dale Musikkforening sine musikalske venner i aksjon under Blues Brothers-framsyning i Dalehallen. (Foto: Esben Hesjedal)
UT AV TUNNELEN
UT AV TUNNELEN: Løparane fekk smaka på skugge inne i Kvamstotunnelen. (Foto: Esben Hesjedal)
LANGLØYPA
LANGLØYPA: Denne gjenge tok utfordringa med å springa langløypa under Daledagsløpet. (Foto: Esben Hesjedal)

Allereie i oppstarten kan ein døypa årets Daledagar om til solskinsdagane.

Esben Hesjedal

For allereie no kan ein slå fast at årets festdagar i og rundt Gatå på Dale vil verta prega sol og varme. Folkelivet starta tidlegare fredag enn vanleg, og vil venteleg berre ta seg opp utover fredag og laurdag.

Daledagsløpet

Men torsdag vart arrangementet drege i gang med Daledagsløpet, der nær 70 deltakarar var med.

– Det er vesentleg fleire enn i fjor, og særleg om ein tek omsyn til varmen, så er det imponerande, fortel ein fornøgd Sjur Pettersen i Dale IL.

59 løparar, dei fleste born, stilte til start i kortløypa som gjekk frå starten ved utescena, oppom Skyttarplassen og vidare til Parken i Holhovden før ein runda tilbake til Dalehallen.

Bjørnberg raskast

Fredrik Bjørnberg var raskast av dei åtte som deltok i langløypa på 5,4 kilometer. Her gjekk løypa nedom Elvevegen, om Eikhaugen, Skyttarplassen og Holhovden.

– Det var varmt, sjølvsagt, men det gjekk greitt, smilte Bjørnberg som kom i mål på tida 22,17.

Nestemann i mål var Rune Faugstad.

Bjørnberg har eit nytt løp på Dale som sitt neste mål.

– Eg skal springa Bergsdalen Opp 16. juni. Håpar det ikkje blir så varmt då.

Full trøkk i Dalehallen

Torsdag kveld var det premiere på Blues Brothers-framsyninga til Dale Musikkforening og musikalske venner.

Fredag kveld vert showet vist på ny, og utan å røpa for mykje kan ei slå fast at det svinga skikkeleg i Dalehallen.

Korps, band og vokalistar smelta saman til ei kraftpakke som er vel verd å få med seg. Publikum koste seg og klappa medan den eine go’låten etter den andre trilla fram.

– Det er ei stor glede å få vera med musikkforeininga inne i denne trykkokaren, smilte gitarist Erlend Styve, og sikta nok både til trøkket i musikken og temperaturen i Dalehallen.

eh@vp.no




Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.