annonse

Sølv til Eksingedalen

HEIDER
HEIDER: Eksingedalen skule sitt prosjekt om stølsliv haustar heider. (Foto: Sveinung Klyve)

Eksingedalen skule fekk, som ein av fire skular, sølvmedalje i årets Nysgjerrigper-konkurranse, heiter det i ei melding frå Norges arrangøren Noregs forskingsråd.

Det var 2. til 6. klasse ved skulen som kvalifiserte seg til finalerunden med prosjektet «Kvifor finst det stølar i dalen vår». Premien er på 10.000 kroner.

Også 6. og 7. klasse ved Stanghelle skule var i finalerunden, dei var ein av 16 skular som fekk bronsemedalje.

To skular, ein frå Nordland og ein frå Longyearbyen, stakk av med gullmedaljane i årets Nysgjerrigper-konkurranse.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.