annonse

Sølv til Eksingedalen

FEIRA
FEIRA: Elevar og lærarar ved Eksingedalen skule feira sølv i Nysgjerrigper-konkurransen. (Foto: Eksingedalen skule)

Elevar frå Eksingedalen skule fekk sølv i Nysgjerrigper-konkurransen for andre året på rad.

Kristine Næss Thorsen

Medan elevar frå Eksingedalen skulen frå 2. til 7. klasse fekk sølv i forskarkonkurransen både i fjor og i år, fekk elevar frå Stanghelle bronse i same konkurranse for andre året på rad.

Nysgjerrigper-konkurransen er ein forskingskonkurranse for elevar i 1. til 7. klasse, arrangert av Noregs forskingsråd. Av fem finalistar frå region vest, som består av Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, var det altså to frå skular i Vaksdal kommune.

– Imponerande

Sølvvinnarane vann 10.000 kroner for forskingsprosjektet «Kva lam veks mest - og kvifor gjer det det?». Elevane frå Stanghelle hadde forska på «Emballasje på mat og drikke».

Juryen uttalar at forskingsprosjektet til elevane frå Eksingedalen er eit flott prosjekt med mange gode koplingar mellom fag og kvardagsliv, og seier at dette er eit imponerande stykke arbeid som verkeleg fortener sølv i Nysgjerrigper-konkurransen.

I år har over 2.600 elevar vore med, og 22 prosjekt kom vidare til finalen. Av desse blei det kåra to gullvinnarar og fire sølvvinnarar. Resten av klassane fekk bronsemedalje.

– Me i forskingsrådet synest det er viktig å premiera også dei veldig unge forskingstalenta, og visa at me heiar på born som vil forska og sjølv finna svar på ting dei lurar på. Med Nysgjerrigper-konkurransen ønskjer me å gje merksemd til alle barn som forskar, seier Kate A. Furøy som er prosjektleiar for Nysgjerrigper i Noregs forskingsråd.

Brukar forskarmetode

Rektor ved Eksingedalen skule, Liv Anne Bergo, synest det er svært kjekt at elevane har fått sølv i Nysgjerrigper-konkurransen.

– Det var veldig kjekt for ein liten skulen som oss. Det beste av alt er at elevane ser at det me driv me er noko alle legg merke til. Samtidig er det kjekt at to skular i Vaksdal kommune kom til finalen i konkurransen.

Ho fortel at Eksingedalen skule brukar ein liknande metode som vert brukt i Nysgjerrigper-konkurransen i den vanlege undervisinga.

– Me kallar det undringsmetoden, og brukar den i både naturfag og samfunnsfag. Me spør oss kva me lurar på, og kvifor det er sånn. Sidan me allereie har brukte denne metoden mykje, blei me inspirert av Stanghelle skule til å vera med i Nysgjerrigper-konkurransen.

Premie

Bergo fortel at dei lenge har jobba tverrfagleg på Eksingedalen skule, noko som er praktisk på ein liten skule sidan fleire klassetrinn er samla.

– Kva skal de bruka premiepengane til?

– Eg tenkjer me skal bruka pengane til noko kjekt. I fjor kjøpte me inn kreative spel og nytt digitalt kamera. Så det må vera noko elevane kan bruka, og kanskje ein skuletur.

Premieutdelinga skal i år som i fjor skje på Vil Vite-senteret i Bergen.

knt@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.