annonse

Sommarfest i Agnavika

AGNAVIKA
AGNAVIKA: Born og ungdom var samla til sommarfest i Agnavika på Stanghelle. (Foto: UngVaksdal)
AKTIVITETAR
AKTIVITETAR: For dei yngste var det mellom anna sekkeløp i Agnavika. (Foto. UngVaksdal)
SOMMARFEST
SOMMARFEST: Agnavika er eit flott område til å halda arrangement for born og unge. (Foto: UngVaksdal)

Fredag arrangerte nyskapinga UngVaksdal sommarfest i Agnavika for nær 70 born og ungdom.

Esben Hesjedal

– UngVaksdal hadde ein todelt sommarfest for barn og unge i kommunen, og det kom deltakarar frå Vaksdal, Dale og Stanghelle, fortel Trond Olav Magnussen, som er initiativtakar til opplegget.

Magnussen står bak etableringa av UngVaksdal, ein organisasjon som skal jobba for at det skal vera aktivitetstilbod for born og unge i kommunen. Dette er noko Magnussen gjer i privat regi, og med seg har han eit styre beståande av ungdommar.

– Først på kvelden var det dei mellom 6 og 11 år som var målgruppa, og det kom 32 born og ganske mange foreldre. Me hadde grilling, musikk, ein enkel kiosk og aktivitetar som tautrekking, sekkeløp og fiskedam. Det vart også litt leik med vatn, sjølv om sommarvarmen ikkje var den heilt store, fortel Magnussen.

Seinare på kvelden var det sommarfest for dei mellom 12 og 19 år.

– Dei fleste som kom var i 15–16 årsalder, og me talte 37 ungdommar som var innom i løpet av kvelden. Her var det mest sosial samling med musikk og nokre danseglade ungdommar. Det var tilrettelagt for grilling og ein kiosk, fortel Magnussen.

Han er godt fornøgd med at nær 70 unge deltok på det første arrangementet til UngVaksdal.

– Me i styret for UngVaksdal ser på dette som ein suksess i og med at det kom såpass mange no i ferietida. Dette er berre starten, og me ønskjer å utvikla dette framover. Me håpar folk i kommunen ser nytteverdien av ein frivillig organisasjon som arbeider for å gje born og unge eit godt fritidstilbod, seier Trond Olav Magnussen.

UngVaksdal har i sommar hatt ein Spleis, ei ordning der folk kan gje pengar til gode føremål. Her fekk organisasjonen inn 12.400 kroner frå 54 ulike gjevarar.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.