annonse

Sp mest fram i Vaksdal og Modalen

OPPTELJING
OPPTELJING: Valkorpset i samfunnssalen på Vaksdal i gang med teljinga måndag kveld. (Foto: Esben Hesjedal)
OPPTELJING PÅ MO
OPPTELJING PÅ MO: Frå venstre Ida Rambech Fosse, Anneli Vatle Lilletvedt og Kjetil Eikefet under oppteljinga av røystene i Modalen. (Foto: Tom Kristian Thorsen)
RØYSTA
RØYSTA: Magne Verpelstad var den siste som røysta i samfunnssalen på Vaksdal, like før stengetid. - Eg kjem rett frå fotballtrening og rakk det akkurat, smilte Verpelstad. (Foto: Esben Hesjedal)
TELJEKORPS
TELJEKORPS: Jill Bru Johansen, leiar i valstyret på Vaksdal (i midten), sytte for at alt gjekk rett for seg. (Foto: Esben Hesjedal)

Senterpartiet går kraftig fram både i Modalen og Vaksdal.

Esben Hesjedal

Sp ligg an til å få heile 40,1 % av røystene i Modalen. Dette er 5,9 % betre enn ved sist stortingsval, då partiet hadde 34,2 %.

Sp-framgang

I Vaksdal får Sp 16,6 % av røystene, noko som er nær ei dobling samanlikna med 2013 då partiet fekk 8,4 %.

Leiar i Vaksdal Senterparti, Sigmund Simmenes, er svært fornøgd med resultatet lokalt.

– Det er fantastisk kjekt med ein slik framgang. Men når Ap går såpass tilbake, så ser det ikkje ut til at me får det regjeringsskiftet me ønskte. Slik det nett no ser ut, så ligg heller ikkje 2.-kandidat til Sp i Hordaland, Nils Bjørke, an til å få stortingsplass, og det er også synd. Men det er jamt, så ein kan håpa på at ting endrar seg, sa Simmenes til VP i 22.30-tida.

– Skuffa

Største parti i Vaksdal er som tidlegare Ap, som ligg an til å få 31,2 % mot 37,0 % for fire år sidan.

Ordførar Eirik Haga er skuffa.

– Ja, det er eit skuffande resultat både lokalt og på landsbasis. At Sp og SV går fram meir enn det Ap går tilbake, er ei mager trøyst. Folket bestemmer, slik er det, seier Haga valkvelden.

SV ligg an til å få 7,1 %, noko som er 2 % betre enn ved sist stortingsval. KrF ser ut til å enda på 6 % i Vaksdal, 1,7 % dårlegare enn sist. Høgre ligg inne med 17,2 %, ein tilbakegang på 2 %, medan FrP får 16 %, som er 2,3 % betre enn for fire år sidan. Dette er resultat når 95 % av røystene i Vaksdal er talde opp.

Høgre nest største i Modalen

I Modalen er Høgre nest største parti, etter Sp. Høgre får 17,7 %, noko som er ein framgang på 4,1 %. Arbeidarpartiet får 16,2 %. Det er 4,5 % mindre enn sist. FrP får 9,1 % (-0,2) og KrF 6,1 % (-6 %)

99 % av stemmene i Modalen er talde opp.

Sjå valresultat her

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.