annonse

Sp og Ap vil ha K5 i første periode

SP og AP
SP og AP: Partia til ordførar Eirik Haga (Ap) og Nils T. Bjørke (Sp) går no inn for byggjestart for K5 i 2021. (Arkivfoto) (Foto: )

Senterpartiet og Arbeidarpartiet går inn for å starta utbygging av ny veg og bane mellom Arna og Stanghelle i 2021.

Det stadfesta partileiarane Jonas Gahr Støre (Ap) og Trygve Slagsvold Vedum (Sp) onsdag ettermiddag.

– Lydhøyr

Det har vore liten tvil om kva lokalpartia i Vaksdal og Voss har meint om saka, men om ordførarane og varaordførarane har hatt støtte i partia sine, har vore usikkert.

2.-kandidat for Sp til stortingsvalet i Hordaland, Nils T. Bjørke, er glad for avklaringa frå dei to partia no.

– Det har vore jobba godt frå Hordaland i denne saka, men eg har opplevd at partileiinga vår har vore lydhøyr. Me har nådd fram med at dette er ei så viktig sak at den må prioriterast i første del av Nasjonal Transportplan, seier Bjørke til VP.

Tydeleg signal

Han viser til at det Sp og Ap no går inn for, er det same som fagetatane tilrår.

– Me sender no eit tydeleg signal om at Arna-Stanghelle må prioriterast, og håpar at det vert fleirtal for dette når Stortinget skal behandla NTP 19. juni. Dersom Venstre og KrF også går inn for K5 i første periode av NTP, så er det fleirtal. Sjølvsagt håpar me at også regjeringa vil stemma for dette, seier Bjørke.

Parallell utbygging

Han meiner det er viktig at ein står fast på ei parallell utbygging av veg og jernbane, og ønskjer primært at ein startar på strekkja Trengereid-Stanghelle, ikkje Arna-Trengereid som det i det siste har vore snakk om å gå i gang med først.

– Det er Trengereid-Stanghelle som er farlegast, og det er her ein bør byrja. Sjølvsagt må fagetatane seia noko om kva som er mest gunstig og mogleg, men mitt ønske er at Trengereid-Stanghelle vert prioritert først, seier Bjørke.

Stanghelle-Voss

Når det gjeld strekkja Stanghelle-Voss, så var denne ikkje inne i det heile i NTP 2018-2029 i regjeringa sitt forslag.

– Me vil no jobba for å få Arna-Stanghelle inni første del, og så må me vidare jobba for at det vert fortløpande bygging vidare til Voss, seier Nils T. Bjørke.

Ap sin politikk

Arbeidarpartiet sin førstekandidat i Hordaland, Magne Rommetveit, tok opp K5 då han heldt 1. mai-talen på Dale for ein månad sidan. Då sa han at Ap ikkje hadde konkludert i saka.

– Ap si stortingsgruppe gjekk onsdag inn for K5 i første periode, så då er det partiet sin politikk. Det er eg glad for. Dette er den einaste endringa av NTP som Ap til no har kunngjort, seier Rommetveit.

Milliardar til jernbane

Han opplyser at Ap går inn for å tilføra 2 milliardar kroner i første NTP-periode, og ein milliard i siste periode.

– Desse tre milliardane går til jernbanedelen, og skal sikra at det vert ei parallell utbygging av veg og bane med byggjestart i 2021. Når partileiaren til Ap så tydeleg går ut og seier at K5 skal prioriterast i første NTP-periode, så er eg trygg på at dette er partiet sin nasjonale politikk. No vert det spennande å sjå kva dei andre partia seier om dette, avsluttar Rommetveit.

Nasjonal Transportplan skal behandlast i Stortinget måndag 19. juni.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()