annonse

Spreke elevar gjekk til Rundemannen

BRUSHYTTEN
BRUSHYTTEN: 8. klasse ved Dale ungdomsskule på tur ved Brushytten. (Foto: Sjur Brattabø)
PÅ TUR
PÅ TUR: Alle 8. klassingane klarte å gå heile turen til Rundemannen. Her på jernbanestasjonen i Bergen etter turen. (Foto: Sjur Brattabø)

Sist veke deltok 8. klasse på Dale barne og ungdomsskule på OPPTUR i regi av Bergen og Hordaland Turlag.

Kristine Næss Thorsen

– Det var veldig kjekt! Elevane var spreke. Me er fornøydde med at alle klarte å gjennomføra, fortel kontaktlærar Sjur Brattabø.

Det var 14. gang OPPTUR bli arrangert av Bergen og Hordaland Turlag for 8.-klassingane i fylket.

– Først gjekk me opp Fjellvegen, så opp Skredderdalen og Sandviksfjellet og deretter til Rundemannen, fortel Brattabø.

Han skryter av elevane. Han synest dei var flinke til å sjå at alle hadde nokon å gå med, og ikkje gjekk åleine.

– Elevane var kjempegreie og hadde det kjekt i lag. Nokre ville komma fort gjennom løypa, sånn at dei kunne gå ein tur i sentrum etterpå.

knt@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.