annonse

Startar kronerulling for tørkeråka bønder

VIL HJELPA
VIL HJELPA: Hege Eide Vik (t.v.) og Renathe Vik trur dei innsamla pengane til dømes kan brukast til å kjøpa fôr. (Foto: Kristine Næss Thorsen)

– Det er viktig at det kjem inn pengar, men me tenkjer også at dette er ei symbolsk støttemarkering for bøndene i Vaksdal, seier initiativtakarane Renathe Vik og Hege Eide Vik.

Kristine Næss Thorsen

– Etter at den dårlege sesongen i Noreg og Europa har vore mykje omtalt i media, kom Renathe Vik med den gode ideen om å dra i gang ei kronerulling, seier Hege Eide Vik.

Dei to dreg i gang ein innsamlingsaksjon for å støtta matprodusentane i Vaksdal. Mange har fått store delar av slåtten øydelagt på grunn av rekordvarmen i sommar.

– Fjoråret var også eit svært dårleg år for mange, på grunn av mykje regn, forklarar Renathe.

Spleis-brukar

Ho fortel at dei kjem til å oppretta ein Spleis på nesttida spleis.no som heiter «Spleis for lokal mat», der folk kan gje bidrag. Her kan ein betala med vipps, kort eller frå faktura.

– Dersom nokon vil bidra, men ikkje har tilgang til Spleis, kan dei ta kontakt direkte med oss.

Dei har tenkt å dela det innsamla beløpet i to delar, der den eine skal gå til krisehjelp for dei bøndene som treng det mest, medan den andre delen er tenkt som ein bonus til matprodusentane våre.

– I samråd med landbruksansvarleg i Vaksdal kommune skal me laga ein fordelingsnøkkel etter størrelsen på gardane.

Fryktar nedlegging

Hege og Renathe håpar dei kan få inn mest mogelg til fordeling, og ser dette også som ei symbolsk støttemarkering for matprodusentane.

– Me veit at bøndene har jobba ekstra hardt i sommar og unner dei ein økonomisk bonus. Dei siste åra er fleire gardsbruk lagt ned, og me er redde for at fleire vurderer å gjera det samme.

Ein månad

Kronerullinga skal vara ein månad. Dei to er spent på kor mykje dei klarar å samla inn.

– Trur de at de får inn så mykje pengar at det kan hjelpa nokon?

– Bøndene fortener merksemd og midlar. Me trur dette kan vera til hjelp for dei som verkeleg treng det, til dømes ved å kjøpa fôr til vinteren, seier Hege.

– Me håpar dette kan oppmuntra matprodusentane våre til å halda fram med den gode jobben dei gjer, seier Renathe Vik.

Råka av tørken

Gaute Øvstedal, som er bonde i Eksingedalen, er ein av dei som har fått merka tørken i sommar.

– Det var kjempetørt ei stund. Førsteslåtten vart jo veldig redusert. Enkelte teigar var heilt ned i 20 prosent avling, seier Øvstedal, som både driv med kjøt- og mjølkeproduksjon og dyrkar gras på 4–500 dekar mark.

Mista avling

Også for han har ekstremsommaren sett negative spor for produksjonen. Totalt fekk Øvstedal 50–60 prosent avling på den første slåtten.

– Då tørken hald fram og det byrja å svi på etterveksten, vatna eg ein del med slange og stripesprayar. Det hjelpte veldig og eg unngjekk at det svei på andreslåtten. Eg har att litt av tredjeslåtten nedst i dalen, forklarar han, som totalt fekk ei avling på 60–70 prosent.

– Det vart ein god del mindre enn normalen.

– Kor mykje har vêret å seia for avlinga?

– Me er veldig utsette for vêrendringar. Hadde det vore så varmt som i sommar og kome nok regn, hadde me fått ei kjempeavling, men me er avhengige av nok vatn.

Vil kjøpa fôr

Øvstedal må vurdera om han vil slakta dyr eller kjøpa inn fôr for å få nok mat til dyra til vinteren.

– Eg håpar at det skal gå an å få tak i fôr, men eg veit ikkje. Det er så høge priser at det går nesten ikkje an å kjøpa grovfôr, seier han, og fortel at han truleg må ut med 2-300.000 kroner for å få nok grovfôr.

– Dersom eg ikkje få tak i grovfôr, kan eg auka kraftfôrandelen litt.

Plaga av hjort

I tillegg til tørken forklarar Øvstedal at hjorten er med på å øydeleggja avlinga for bøndene i Eksingedalen.

– Dei gjer mykje meir enn tørken. Dei tråkkar ned og skitnar til resten avlinga. Hadde det ikkje vore for hjorten, hadde me hatt nok avling i år. Det er skuffande at kommunen ikkje tek tak i problemet. Det hadde vore enkelt og gjort noko med.

– Kva tenkjer du om kronerullinga?

– Det er eit godt tiltak. Det viser at folk veit kor maten kjem ifrå. Om me får midlar i slike mengder at det hjelper, veit eg ikkje, men eg set pris på at dei gjer dette.

– Hjelper med regn

– Den siste månaden har jo temperaturen og vêret endra seg ein del. Kom regnet for seint?

– Det hjelper med regn, men no er det hjorten som øydelegg. Det hadde redda situasjonen om avlinga hadde fått stått i fred.

knt@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.