annonse

Startar organisasjon for barn og unge i Vaksdal

INITIATIVTAKAR
INITIATIVTAKAR: Miljøarbeidar Trond Olav Magnussen ønskjer å få organisasjonen «Ung Vaksdal» opp og gå snarleg. (Foto: Kristine Næss Thorsen)

Organisasjonen «Ung Vaksdal» skal vera for barn og ungdom frå 1. klasse til 20 år. Laurdag blir det stiftingsmøte i Turbinen.

Kristine Næss Thorsen

– Alle i målgruppa er velkommen, seier miljøarbeidar Trond Olav Magnussen.

Han er initiativtakar til organisasjonen, og kjem truleg til å fungera som styreleiar.

– Me skal fremja barn og unge sine interesser i Vaksdal kommune og skal vera eit samlingspunkt. Målsetjinga er å ha aktivitetstilbod til målgruppa kvar einaste dag utanom søndag.

Brettspel og basketball

Magnussen meiner det er behov for meir aktivitetstilbod i kommunen.

– Det er ikkje veldig mange tilbod dersom ein ikkje driv med idrett eller musikk. Me ser for oss aktivitetar som konkurransar og klubbkveldar. Me kan til dømes kan ha pizzakveld, grillkveld, spela brettspel, arrangera konkurransar, spela data, gå på ski eller spela basketball, badminton eller fotball og arrangera turneringar. Dessutan vil me satsa på friluftsliv.

Kinodag

Planen er også å ha ein fast kinodag dag i veka.

– Me tenkjer å ha ei todelt løysing som vil seia ein kinodag for dei små, og ein for ungdomar.

For aktivitetane i vekedagane skal «Ung Vaksdal» samarbeida med ungdomsklubbane.

– Me skal ikkje gå ungdomsklubbane i næringa. Fredag plar dei å ha disko, i tillegg til at dei har ein klubbkveld i veka, så desse dagane blir det ikkje arrangert noko frå «Ung Vaksdal» si side.

Oversikt over aktivitetane

Organisasjonen skal også skipa til aktivitetar i feriane.

– I sommarperioden er det stort behov for aktivitetstilbod. Mange går heime og har ikkje så mykje å gjera. Me kjem også til å ha fokus på haust- og vinterferien.

Dei skal laga ein oversikt over aktivitetane i kommunen, få samkøyra det som finst og få samla info på ei nettside.

– Me vil jobba for at det skal vera billeg eller gratis å vera med på det me arrangerer, slik at me får med flest mogeleg. Sosiale skilnadar skal ikkje spela noko rolle. Dette skal vera ein arena for barn og ungdom uavhengig av bakgrunn.

Vil skaffa lokale

«Ung Vaksdal» er på leit etter eit lokale ein passande stad i kommunen.

– Det må vera ganske stort og helst ha eit stort uteområde. Me har nokre alternativ, men har ikkje heilt avklart kor det blir.

Magnussen forklarar at styret sin jobb er å diskutera kva aktivitetar «Ung Vaksdal» skal driva med.

– Me kjem til å oppretta ei «Ung Frivillig»-gruppe for dei som vil vera med å organisera aktivitetar. Ein må vera 15 år for å sitja i styret, så arrangørkomiteen er viktig for at dei yngre skal få påverknadskraft.

Styreleiar

Magnussen fortel at dei blir rundt åtte i styret.

– Sidan det er eg som har sett i gang dette, blir truleg eg styreleiar. Planen er dessutan å få med ein ungdom frå kvar bygd. Kasseraren må vera myndig. Me treng også mellom anna ein skrivar, seier Magnussen, som håpar på bra oppmøte på stiftingsmøtet laurdag 13. april.

knt@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.