annonse

Straumbrot fleire stader i Vaksdal

UTAN STRAUM
UTAN STRAUM: Mange var fredag utan straum, mellom anna i Stamnes-området. (Foto: )

BKK melde fredag føremiddag om eit større straumbrot i Vaksdal. Klokka 12 var framleis 193 kundar straumlause.

Kristine Næss Thorsen

Kundane som då var utan straum var på Dale, Stamnes og Eidsland.

Tidlegare fredag var eit endå større område i Vaksdal straumlause.

– Desse vart kopla inn att på straumnettet etter kvart, fortel Anne Mette Tuvin, kommunikasjonsrådgjevar hjå BKK.

To ulike feil

Det skal vera to ulike feil som må rettast. BKK sine mannskap jobba med dette utover fredagen.

– Det er feil på ein transformator, i tillegg til ein leidning, men me veit førebels ikkje kor.

Tilbake fredag ettermiddag

På BKK sine sider er estimert rettingstid sett til klokka 16 fredag ettermiddag.

– Kundane som står att kjem til vera utan straum til resten er fiksa. Det er lange avstandar, så dette tek dessverre tid, forklarer Tuvin.

knt@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.