annonse

Sykkelfesten

DALE
DALE: Speaker Odd Rolland i fri dressur. (Foto: )
STAMNES
STAMNES: Bra med folk var møtt fram på Hedlo. (Foto: )
MO
MO: Feltet passerar Mobøen. (Foto: Svanhild Moberg Nordaas)
VAKSDAL
VAKSDAL: Supergira born venta på at syklistane skulle koma forbi. (Foto: Stine Strand Carlsen)
MO
MO: Sauer med norske flagg. (Foto: Anne Britt Almelid)
EIDSLAND
EIDSLAND: Sykkeljubel på Eide. (Foto: )
DALE
DALE: Tour des Fjords-ryttarane passerar. (Foto: )
MO
MO: Syklistane passerer Mo kyrkje. (Foto: )
DALE
DALE: Sykkelritt for dei yngste. Dag Otto Lauritzen pratar med Benjamin Svarstad. (Foto: )
VAKSDAL
VAKSDAL: Tour des Fjords passerer skulen i Vaksdalsgarden. Mykje folk var møtt fram for å heia. (Foto: Stine Strand Carlsen)
STAMNES
STAMNES: Klare for sykkelfest på Berget. (Foto: )
DALE
DALE: Tour des Fjords-ryttarane passerar. (Foto: )
MO
MO: Deltakarane i morostafetten for vaksne i samband med Tour des Fjords. Fremst primus motor for heile arrangementet på Mo, Tormod Surland Våge. (Foto: Anne Britt Almelid)
MASKOT
VAKSDAL: Ole Martin Aga hadde kledd seg i ulvedrakt for høvet. - Eg kjøpte drakta til Halloween ein gong. Så tenkte eg at den var perfekt til å laga litt stemning, fortalde Aga. (Foto: Stine Strand Carlsen)
DALE
DALE: Sykkelritt for dei yngste. (Foto: )
EKSINGEDALEN
EKSINGEDALEN: Gammaldans ved Modalstunnelen. (Foto: )
STAMNES
STAMNES: Tetrioen passerer butikken. (Foto: )
MO
MO: Familien Tollefsen Aas er sykkelfans med stor S. (Foto: Anne Britt Almelid)
VAKSDAL
VAKSDAL: Live Erstad (snart 3 år) var klar med flagg og heiarop. (Foto: Stine Strand Carlsen)
DALE
DALE: Sykkelritt for dei yngste, TV2 filmar. (Foto: )

Mykje folk hadde møtt fram i bygdene då sykkelsirkuset Tour des Fjords var innom Modalen og Vaksdal i dag. Sjå biletserie.

Magne Solhaug
DALE
DALE: Tour des Fjords-ryttarane passerar. Foto:
EKSINGEDALEN
EKSINGEDALEN: Magnar Nese vert intervjua av TV2. Laila Bolstad t.h. Foto:
VAKSDAL
VAKSDAL: Kjekt med Tour des Fjords. Foto: Stine Strand Carlsen
DALE
DALE: Sykkelritt for dei yngste. Foto:

Seks mil ut i den andre etappen frå Brekke til Norheimsund sykla dei 120 ryttarane som stilte på startstreken inn i Modalen kommune. Etter nye seks mil sykla dei ut av Vaksdal ved Stavenes. Undervegs var idrettsutøvarane og hjelpesmann i bilar og på motorsyklar møtt med jublande glade tilskodarar.

Folkefestar

På Mo, i Eksingedalen ved Modalstunnelen, på Eidsland, på Stamnes, Dale og Vaksdal var det folkefestar, trass i lett regn. Her var lokalmat, song, musikk, aktivitetar, dans og ikkje minst hundrevis av tilskodarar som vifta med flagg og heia på proffsyklistane som suste forbi i stor fart.

Dag Otto Lauritzen

Fleire stader var det lokale sykkelritt for dei yngste. Størst oppslutnad var det på Dale der TV2-profil Dag Otto Lauritzen starta feltet, og den humørfylte utflytta dalingen, Odd Rolland, var speaker i gulldressen sin.

– Kjem du tilbake og deltek på Bergsdalen opp på sykkel? spurde speaker Rolland den tidlegare toppsyklisten Lauritzen.

Etter å ha fått opplyst kor bratt det er frå Dale til Storefossen, såg TV-kommentatoren betenkt ut.

– Men, eg skal spørja Ryder Hesjedal. Han kjenner eg, smilte Lauritzen og fortalde at han hadde sett skiltet med etternamnet til den kanadiske toppsyklisten på vegen gjennom Stamnes, før han hasta vidare for å halda seg framfor feltet med syklistar som ei stund etter suste forbi.