annonse

Syrisk morsdagsfeiring i Turbinen

ØNSKJER VELKOMMEN
ØNSKJER VELKOMMEN: Laila Abokatmah håpar mange tek turen til Turbinen på søndag. (Foto: Kristine Næss Thorsen)

Inntekta frå morsdagsfeiringa i Turbinen søndag skal gå til skular for syriske flyktningar i Libanon.

Kristine Næss Thorsen

– Me sendar mellom anna ut invitasjon gjennom borna på Stanghelle barneskule, og har klistra opp plakatar overalt, fortel Laila Abokatmah.

Ho inviterer alle i Vaksdal til syrisk morsdagsfeiring i Turbinen søndag.

– Me veit kor mykje det betyr å støtta utdanning, som er ekstra viktig for flyktningar, seier ho.

Musikk og føredrag

På programmet for morsdagsfeiringa står mellom anna føredrag med Solfrid Raknes. Ho har doktorgrad i psykologi og har jobba mykje for skuletilbod og psykisk tilbod til flyktningar i Libanon.

– Det blir servert tradisjonell arabisk mat. Mykje av det er vegetarmat, men noko er med kjøtt og kylling.

Dessutan skal Nawae Alnaddaf spjelda på oud, som er eit instrument frå Midtausten.

– Musikk er kjempeviktig. Eg vil at me skal syngja saman, seier Laila.

Møteplass

I tillegg blir det leikar for born og teikneverkstad på morsdagen.

– Eg har to mål for dagen. Å selja mat, men også bruka feiringa til at me som er flyktningar og bur på Dale kan møta andre. Me skal kosa oss saman med mat, og borna kan leika saman, seier Laila

Lagar mat saman

Maten til arrangementet blir laga på laurdag av norske og syriske damer.

– Det blir kjekt. Mange gler seg til å hjelpa til med matlaging, som også bli ein sosial samkome.

knt@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.