annonse

Talentpris til ung Dale-spelar

TALENTFULL
TALENTFULL: Remi Skaftun Søvik (t.v.) tok imot diplom og gåvesjekk på 5.000 kroner frå Stian Jordalen. (Foto: Magne Solhaug)

Remi Skaftun Søvik frå Stanghelle vart laurdag tildelt Alf Hesjedal sin pris til unge idrettstalent i Vaksdal.

Magne Solhaug

Remi er talentfull ung fotballspelar som spelar fast både på juniorlaget og A-laget til Dale.

Bestefarprisen

– Remi har utvikla seg særs positivt dei siste åra, eg har følgt godt med han, sa Stian Jordalen ved Shell Dale, som står for denne årlege tildelinga. Han har gjeve namn til prisen etter den idrettsinteresserte bestefaren sin Alf, som mellom anna dreiv med skihopping.

Lagidrettsvinnar for første gong

Ingen skihoppar har til no fått prisen, som i år for første gong gjekk til ein utøvar av lagidrett.

Fotball har Jordalen sjølv spela på Dale, og han brukte utdelinga til også å framheva andre viktige delar av denne store lokale sportsgreina.

– Sjølv om klubben til Remi, Dale, slit på botn av tabellen i 5. divisjon, så opplever eg at entusiasmen lever. Klubben har i tillegg til unge spelarar som satsar, også dyktige unge trenarar som gjer det same, sa Jordalen og nemnde her både herretrenar Sondre Larsen Bjordal og dametrenar Hanne Mehus Lie, begge gode trenaremne tidleg i 20-åra.

Vinnarane:

2013 Nikolai Hanevik (sykling og langrenn)

2014 Einar Trefall (langrenn)

2015 Erling Fagerbakke Fosse (langrenn)

2016 Andreas Vågen (friidrett)

2017 Erling Flåm Krogsrud (symjing)

2018 Remi Skaftun Søvik (fotball)

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.