annonse

– Tenk på andre i jula

Lys
Lys: Tenn lys og ver til hjelp for andre, er oppfordringa frå dei som står bak «Hjelp til å hjelpe Vaksdal, Dale og Voss». (Foto: )

Facebookgruppa «Hjelp til å hjelpe Vaksdal, Dale og Voss» oppmodar folk til å vera gode medmenneske i jula.

Gruppa vart starta for 2,5 år sidan av to nyinnflyttarar i Vaksdal kommune. Personane ønskjer å vera anonyme, og held ein låg profil i det daglege.

– Dette er fordi me ikkje vil at folk skal bli stempla dersom nokon ser at me kjem på besøk. Dette er ein liten stad der alle stort sett kjenner alle, og me vil at dei me hjelper ikkje skal kvi seg til å ta kontakt med oss, seier dei.

17 familiar i Vaksdal

Facebookgruppa blei starta for å kunna strekkja ut ei hand til dei som slit med å få endane til å møtast i det daglege.

– Det er svært mange som lever under fattigdomsgrensa i Noreg. Me hjelper dei som er komme i ein vanskeleg situasjon, og prioriterer dei med små barn først. Her i Vaksdal hjelper me om lag 17 familiar, og langt fleire på Voss. Å kunna hjelpa dei som treng det aller mest, er som julaftan, 17. mai og bursdag på ein gong, seier dei.

Dei to bak gruppa veit kva det vil seia å slita økonomisk.

– Me har sjølv vore der at me ikkje hadde råd til å betala rekningar, og stod på bar bakke. Sjølv måtte eg bu i eit telt i ein bakgard i fire månader i Oslo på det verste, seier den eine av dei.

Avtale med matbutikkar

Personane bak gruppa har mellom anna avtalar med butikkar på Voss og Spar Dale om å henta mat som elles hadde blitt kasta.

– Me hentar brød og anna svinn etter stengjetid. Me mottek også tørrvarer som er gått ut på dato eller har gått ut av sortimentet, men som er like bra. No i jula har me også fått litt julemat, seier dei.

Gruppeinnehavarane driv på frivillig basis, og mottek inga form for støtte i hjelpearbeidet sitt.

– Me gjer dette rett og slett for å vera gode medmenneske. Me oppfordrar andre til å gjera det same, spesielt no i juletida. Det er ikkje så mykje som skal til. Hjelp ein nabo med å måka snø, gje eit kompliment eller gode ord. Og skal du byta ut ein TV eller datamaskina, ikkje kast det på gjenbruksstasjonen. Gje det heller til nokon som har bruk for det, for det er garantert nokon som ikkje kan ta seg råd til slikt.

Søkjer lagerplass

No i jula har gruppa fått inn mykje mat og andre bidrag, noko dei synest er flott.

– Me er i ferd med å verta etablerte, og samarbeider tett med Vaksdal Frivilligsentral og andre lokale, frivillige organisasjonar. Det einaste er at huset vårt er fylt heilt opp med ting. Me har seks frysarar, og stova er så full at det er ikkje plass til verken julepynt eller anna. Me er på jakt etter lagerplass ein stad, men har ikkje råd til å leiga noko. Så om nokon har eit ledig lokale me kan nytta, hadde me vore veldig takknemlege for å få låna det, lyder oppfordringa.

sc@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.