annonse

Til kamp mot brunsniglar

KAMP
KAMP: Kommunestyret vil støtta kampen mot brunsniglane som brer om seg fleire og fleire stader i Vaksdal kommune. (Foto: )

Tom Charles Johnsen (MDG) fekk måndag fleirtalet i kommunestyret med seg på ein kommunal kamp mot brunsniglar.

Jan-Egil Dyvik

Johnsen hadde levert inn ein interpellasjon (grunngjeve spørsmål) om saka.

Kamp alt i år

– MDG ønskjer at kommunestyret går i bresjen for å få bukt med problemet, og me vil komma i gang alt no i 2017, heiter det mellom anna i interpellasjonen.

Johnsen gjekk på talarstolen og kom med fleire opplysingar enn det som stod i interpellasjonen. Det fekk varaordførar Sigmund Simmenes (Sp) til å snu litt i saka.

– Dette høyrest så interessant ut at me bør ta ei nærare vurdering sa Simmenes.

Ordførar Eirik Haga (Ap) hadde like før vendt tommelen ned for at kommunen skulle ta noko initiativ i saka.

God blanding

Johnsen hadde nemleg sjekka med Hansa bryggjeri, og der kunne ein få gratis mesk, eit avfallsprodukt etter brygginga som brunsnigelen likar godt.

– Ved å blanda denne mesken med stoffet Nemaslug, får ein ei blanding som ein kan tømma i hagen sin. Når sniglane et dette, skal problemet løysa seg sjølv, meinte Johnsen.

Han forklara også at det vil vera enklast å få tak i ein betongbil for å henta mesk, og så blanda inn nemaslug.

– Så kan hageeigarar og andre interesserte få henta stoffet direkte frå bilen, forklara Johnsen. Kostnadene med ei slik løysing vil vera overkomelege, sa Johnsen mellom anna.

Sjølv om ordføraren i utgangspunktet meinte at det ikkje var noko kommunalt ansvar å ta kampen opp mot brunsniglane, så opna han for at kommunen kunne ta eit initiativ i saka.

Brita Hesjedal Lunde (Ap) minna om at dersom dette opplegget skulle ha noko for seg, så må alle hageeigarar vera med i kampen.

– Og det er ikkje sikkert at alle bryr seg like mykje om dette, åtvara ho.

Anneli Vatle Lilletvedt (H) meinte dette var eit svært godt initiativ. Det same gjorde partifalle Bjørn Roald.

Mest ros

Interpellanten sjølv, Tom Charles Johnsen, tykte det var leitt at ordføraren nok ein gong var negativ til «eit forslag som vil vera til fordel for innbyggjarane», som han sa. Også Boris Groth (Frp) gav ros for initiativet.

Johnsen sa også at han hadde funne ut at problemet med brunsniglane var størst på Vaksdal, Stanghelle og Dale. I Stamnes skal det vera eit mindre problem.

Fleirtal for kamp

Saka enda til slutt med at 15 røysta for at kommunen skal ta eit initiativ i saka mot hageeigarar og vellag, for å starta kampen mot brunsnigelen. Fem røysta for ordføraren sitt forslag om at dette ikkje er noko kommunalt ansvar, men at kommunen kan hjelpa til med informasjon i sniglekampen,

Brunsnigelen er svartelista og ein uønskt art i kongeriket, går det fram av interpellasjonen frå MDG.

Det finst ulike tiltak for å overvinna snigleproblemet, men det trengst ei samordning på tvers av eigedomsgrenser og til rett tid.

Johnsen viste også til Ulvik herad sin kamp mot sniglane, og at der hadde dei fått bukt med problemet.

jed@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()