annonse

Tilbyr alternativ ferietur

LEIAR
LEIAR: Torunn Samuelsen har vore leiar for «Ferie for alle» i Hordaland i 14 år. (Foto: Kristine Næss Thorsen)

Røde Kors arrangerer «Ferie for alle» i påsken og i sommar til barnefamiliar som slit økonomisk.

Kristine Næss Thorsen

– Me vil at dei som ikkje kan reisa på ferie skal få oppleva det, seier Torunn Samuelsen, leiar for «Ferie for alle» i Hordaland.

«Ferie for alle» blir arrangert både sommar og vinter. I år er ferietilbodet påskeferie på Merket i Valdres i april, sommarferie på Brennabu i juli og sommarferie i Strandebarm i månadsskiftet juli/august.

– Tilbodet er hovudsakeleg for dei som har born mellom 6 og 13 år, men både yngre og eldre sysken får vera med. Utgangspunktet er at familiane har økonomiske utfordringar.

Mykje aktivitet

Ferieleirane skal bidra til sosial deltaking og utvikling, nettverksbygging og inkludering.

– I desse vekene er det aktivitet frå morgon til kveld. Det blir lite tid til mobil- og PC-bruk for å seia det sånn, forklarar Samuelsen.

Ho nemner skiskule og aking som aktivitetar i påskeferien. I sommarferien er det andre uteleikar som står på programmet, til dømes båtliv.

– I tillegg blir det kino, bingo og diskotek, seier ho, som omtalar «Ferie for alle» som ein slags feriekoloni.

Knyttar kontakt

Samuelsen fortel at ferieleirane fører til nye venskap mellom deltakarane.

– Me er skuld i fleire giftarmål og born, ler ho.

Samuelsen har hatt ansvar for «Ferie for alle» i 14 år. Jan Erik Dahle har også vore med på å arrangera leirane. I tillegg har mange andre frå Vaksdal kommune vore med på leirane, både som deltakarar og leiarar.

– Korleis skal ein ta kontakt dersom ein vil vera med?

– Ein må kontakta barnehage, skule, helsesøster eller NAV for å søkja. Privatpersonar kan ikkje gjera det sjølv.

knt@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.