annonse

To lokale ungdommar mista livet

ULUKKE
ULUKKE: Den tragiske motorsykkelulukka der to personar omkom skjedde like før Arnpro sitt bygg på E16 på Dalegarden. (Foto: Esben Hesjedal)
KRISETEAM
KRISETEAM: Ordførar Eirik Haga fortel at kommune sitt kriseteam har vore i beredskap sidan like etter ulukka. (Foto: Arkiv)

Det var to unge menn på 19 og 22 år frå Vaksdal kommune som omkom i den tragiske motorsykkelulukka på E16 på Dalegarden natt til torsdag.

Esben Hesjedal

Det opplyser lensmann Robert Veseth i Voss lensmannsdistrikt.

– Naudetatane rykte ut til ulukka klokka 01.40, men livet til dei to involverte stod ikkje til å redda. Politiet sine krimteknikarar og vegvesenet si ulukkesgruppe jobba på staden i natt og utover morgonen fram til E16 vart opna i 07.30-tida, fortel Veseth.

Granskar ulukka

Voss lensmannskontor arbeider no med å finna årsak til hendinga.

– Me jobbar med taktisk etterforsking, mellom anna med avhøyr av folk som kan vita noko som kan belysa det som skjedde. Førebels kan me ikkje seia noko om årsaka. Me ønskjer kontakt med folk som kan ha opplysingar i saka. Så langt me veit no er det ikkje augnevitne til ulukka, seier Veseth.

Kriseteam

Ordførar Eirik Haga opplyser at kommunen sitt psykososiale kriseteam vart samla natt til torsdag.

Det består mellom anna av psykiatrisk sjukepleiar, prest, helsesyster og miljøarbeidar.

– Kriseteamet er oppteken av å stilla seg til disposisjon for dei som treng det. Dette er naturleg dei aller næraste, men også venner og andre, seier Haga.

Han er oppteken av at folk skal vera trygge på at kommunen stiller opp i slike situasjonar.

– Ein skal vera trygg på at våre fagfolk som har ansvar når slikt inntreff stiller opp, og gjer det dei skal. Eg opplever det som at dei gjer ein god jobb, og det er viktig, seier Haga.

Samlingar

Torsdag ettermiddag skal brannmannskap samlast for debrifing og samtalar rundt inntrykka ein får som utrykkingspersonell til ei slik hending.

– Der vil kriseteamet vera med. Elles er kommunen open for å stilla lokale til rådvelde dersom venner og andre ønskjer ein stad å samlast i sorga, og kriseteamet kan då vera til stades, seier Haga.

Vaksdal kommune har nok ein gong opplevd å mista unge menneske i trafikken.

– Ei slik tragisk ulukke pregar sjølvsagt lokalsamfunnet vårt. Først og fremst går tankane våre i dag til dei to familiane som har mista sine, seier Haga.

Kontaktinfo

Vaksdal kommune opplyser at dei som treng nokon å snakka med kan kontakta kriseteamet på telefon 48880312 / 40801690.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.