annonse

To omkom i ulukke på Dalegarden

ULUKKE
ULUKKE: Motorsykkelen skal ha køyrt i retning Stanghelle. (Foto: Esben Hesjedal)

Natt til torsdag omkom to personar som kom køyrande på ein motorsykkel på E16 på Dalegarden.

Esben Hesjedal

Naudetatane rykte ut kl. 01.40 då hendinga vart meldt, opplyser operasjonsleiar Per Algerøy.

Politiet opplyser at det var ei singelulukke med motorsykkel. To personar vart erklærte omkomne på staden.

– Det vart gjort hjarte/lunge-redning, men klokka 02.22 og 02.46 vart dei to involverte erklært døde. Politiet driv no å informerer pårørande, fortel Algerøy.

Stengt i fleire timar

E16 var stengt etter ulukka, og vart først opna i 07.30-tida torsdag morgon.

Krimteknikarar frå politiet har vore på staden i natt, saman med ulukkesgruppa til Statens vegvesen.

Ulukka skjedde der vegen frå Dalegarden kjem innpå E16, like ved Dalegarden Outlet & cafe.

Fartsgrensa, like forbi fotoboksen på staden, er 70 km/t.

– Trist

Stian Jordalen som driv Shell Dale vart klar over kva som var skjedd då han reiste på jobb i 06.30-tida. Han vart då møtt av politi på ulukkesstaden.

– Eg trudde først at ulukka nett hadde skjedd, men så såg eg at politiet var på staden og gjorde undersøkingar. Det er trist at me nok ein gong skal verta råka av ei slik ulukke, seier ein prega Jordalen, medan han ser ut mot E16.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.