annonse

Totalforbod mot open eld og grilling

FORBODE
FORBODE: Det er no ikkje lov til å grilla i eigen hage eller på eigen terrasse, og då heller ikkje med gassgrill. (Foto: )

– Brannfaren i Bergen, Osterøy, Samnanger og Vaksdal er no så stor at all bruk av eld utandørs er å rekna som aktløyse.

Det melder Vaksdal kommune. Det er Bergen brannvesen som vurderer brannfaren som så stor at forbod må innførast.

– Forbodet mot all eld utandørs vil seia at privatpersonar heller ikkje kan å grilla i eigen hage eller på eigen terrasse i Vaksdal og dei andre kommunane, heiter det i meldinga.

Det betyr at det til dømes ikkje blir grilling i Gatå på Dale under Daledagane, slik ein har vore van med før.

– Det fine vêret har ført til at det er svært tørt i fleire område i regionen vår, som i store delar av landet elles. Skogbrannfaren er no stor i fleire kommunar i Hordaland, og indeksen er aukande. Dei siste dagane har brannvesenet rykka ut til fleire gras- og lyngbrannar i Hordaland. Når det er så tørt som no, skal det svært lite til før det byrjar å brenna, seier brannsjef Leif Linde.

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.