annonse

Trafikkulukke i Beitlatunnelen

Ulukke
Ulukke: Naudetatane rykte ut då tre køyretøy var innblanda i ei trafikkulukke måndag føremiddag. (Foto: Magne Solhaug)
Ulukke
Ulukke: Naudetatane rykte ut då tre køyretøy var innblanda i ei trafikkulukke måndag føremiddag. (Foto: Magne Solhaug)
KØ
: Måndag føremiddag vert det meldt om ei trafikkulukke i Betlatunnelen. Det vart raskt kø på E16 forbi Dale. (Foto: )
Ulukke
Ulukke: Naudetatane rykte ut då tre køyretøy var innblanda i ei trafikkulukke måndag føremiddag. (Foto: Magne Solhaug)

Måndag morgon i 10-tida var tre bilar innblanda i ei trafikkulukke i Beitlatunnelen, mellom Dale og Dalegarden.

Kristine Næss Thorsen

Det er ikkje meldt om personskadar.

– Bilane skal ha fått små materielle skadar, opplyser operasjonsleiar Steinar Hausvik i politiet.

Ulukka skal ha skjedd mellom tre køyretøy, to personbilar og ein lastebil, om lag 100 meter på nordsida av Beitlatunnelen.

– Me veit førebels ikkje korleis ulukka har skjedd, seier Hausvik

Brannvesenet og politiet er på staden. Beitlatunnelen er stengt for biltrafikk.

knt@vp.no



Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.