annonse

Trafikkulukke i Høgabergtunnelen

ULUKKE
ULUKKE: Ambulanse og brannmannskap rykte ut til Høgabergtunnelen mellom Stamnes og Eidsland onsdag morgon. (Foto: Magne Solhaug)

Onsdag morgon rykte naudetatane ut til Høgabergtunnelen på Eidslandsvegen etter melding om ei trafikkulukke. Ein person skal vera lettare skadd.

– To bilar har frontkollidert i tunnelen. Det er førebels meldt om at ein person kjenner seg uvel, opplyser operasjonsleiar ved politiet sin operasjonssentral, Terje Magnussen.

Ulukka skjedde kring 50 meter inne i Høgabergtunnelen, på Stamnes-sida, like ved skytebana i Litlevika.

Ambulanse og brannmannskap rykte ut, og politiet kom også til staden.

Dei to førarane av bilane vart tekne med av ambulanse til Dale for legesjekk.

Meldinga om ulukka kom klokka 07.35.

Klokka 09.24 vart det meldt om at fv 569 igjen var opna igjen.

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.