annonse

Trebåt sokk ved Stamnes Motorverkstad

SOKK
SOKK: Det skal vera den midtarste av dei tre båtane nærast i biletet, som har sokke. (Foto: Arkiv)

Ei av treskøytene som låg i opplag ved Stamnes Motorverkstad har sokke.

Magne Solhaug

Det skal vera «Nesheim», ein av dei tre skøyten som låg ved sida av kvarandre, som er gått ned. Det får VP stadfesta hjå folk på staden.

Vaksdal brannvern er no på plass, og tiltak vert vurdert. Det skal vera ein god del oljesøl på sjøen.

– Dette visste eg ikkje om før du ringjer. Eg hiver meg i bilen med ein gong, seier båteigar Bjarne Olav Eidnes, som er heime i Sogn når VP snakkar med han.

ms@vaksdalposten.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.