annonse

Treng løypevaktar til Tour Des Fjords

SYKKEL
SYKKEL: Det er behov for vakhald når Edvald Boasson Hagen og dei andre ryttarane syklar gjennom området vårt i Tour Des fjords. (Foto: )

Det er behov for til saman 30 løypevaktar på Vaksdal og Dale i samband med Torur Des Fjords,

Når sykkelløpet Tour Des Fjords rullar gjennom Vaksdal kommune Kristi himmelfartsdag, er meininga at løpet skal svinga av E16 og innom bygdene Dale og Vaksdal.

– Men ein treng 14 løypevaktar på Vaksdal og 16 løypevaktar på Dale. Dette er om føremiddagen torsdag 25. mai. I tillegg treng arrangøren soneleiarar på Vaksdal og Dale. Dersom ein ikkje klarar å stilla med desse vaktene, så vert det ingen sving innom desse bygdene, fortel Mona Mekki i Vaksdal kommune.

Arrangøren utbetalar ut 200 kroner pr. løypevakt og 1.000 kr til soneleiarane. Løypevakta tek kring 1,5 time. Det er eit krav om at ein er over 18 år.

– Treng ein klasse eller lag pengar til noko, så kan dette vera ei moglegheit for litt inntekter. Folk som ønskjer å delta må melda si interesse raskt, seinast innan 2. mai, opplyser Mona Mekki ved Innbyggjarservicen i Heradshuset.

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.