annonse

Treskeiprisen til badmintonentusiast

TRESKEIPRIS
TRESKEIPRIS: Robert Eriksen vart tildelt årets Treskeipris på Stanghelle. (Foto: Arkiv)

Robert Eriksen fekk 17. mai årets Treskeipris på Stanghelle.

Magne Solhaug

Det er Stanghelle Vellag som kvar 17. mai delar ut denne heideren til folk i bygda som har utmerka seg positivt.

Klart beste kandidaten

Ifølgje lagsleiar Vegar Sellevold var prisvinnaren i år den klart beste kandidaten.

– Tildelinga baserer me på forslag som er komme inn, og i år var det liten tvil i styret. Robert Eriksen, som i mange år har bygt opp ei badmintongruppe i Stanghelle IL, var ein populær prisvinnar, seier Sellevold.

Stor interesse for badminton

Med base i Turbinen på Dale har Eriksen og gode medhjelparar av han etablert ein ny og flott sport som har breidd om seg i idrettslaget i bygda. Mange deltek både på trening og stemner.

– Eit nytt positivt tiltak som Stanghelle IL og Robert Eriksen fortener honnør for, denne gongen altså gjennom Treskeiprisen, seier Sellevold, som synest det var litt leitt at prisvinnaren ikkje var til stades.

Prisvinnar på tur

– Han hadde kanskje ikkje reist av garde på tur om han visste at det låg ei treskei og venta på han på Stanghelle. Me har til no halde det hemmeleg kven som vinn prisen. Kanskje må me prøva å endra på dei rutinane, slik at me er garantert at den som vert heidra er på plass på 17. mai, men då forsvinn no litt av spenninga også. Me får vurdera dette framfor utdelinga neste år, seier Sellevold.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.