annonse

Trugsel mot Kryptovault

TRUGSEL
TRUGSEL: Kryptovault har etablert seg i Dale Fabrikker. Laurdag kom det ein anonym bombetrugsel retta mot Kryptovault. (Foto: Arkiv)

Selskapet Kryptovault mottok i helga noko som kan tolkast som ein bombetrugsel.

Esben Hesjedal

Saka er meldt til politiet, som seier at dei tek trugselen på alvor. Kryptovault trur trugselen kan vera retta mot verksemda på Dale.

Ikkje konkret

Gjermund Hagesæter i Kryptovault opplyser at det i trugselen, som vart sendt via selskapet si nettside, ikkje er konkret retta mot nokon av selskapet sine etableringar.

– Trugselen kom inn laurdag klokka 17.23, ikkje lenge etter at NRK hadde publisert ei sak om etableringa vår på Dale og Hønefoss. Det er på desse to stadene det har vore konfliktar rundt etableringa vår, og det er vel grunn til å tru at det kan setjast i samband med NRK-saka og dette, seier Hagesæter.

Trugselen er skriven på dårleg nynorsk, og lyder: «Sabotasje. Om dykkar ekspanderar mykje og forsøplar heile lande med støy, da vortar bygga dykkar sabotera. eg vil tru eksplosivar vil varta enklast. hysj hysj»

Følgjer ekstra med

Hagesæter seier at Kryptovault tek saka på alvor, og har bede arbeidarane på Dale om å vera ekstra merksame.

– Førebels er våre tilsette på jobb som vanleg, men dei er bedne om å vera ekstra merksame og sjå etter mistenkjeleg oppførsel. Skulle ein mistenkja noko unormal aktivitet, så skal ein evakuera arbeidsplassen. Slikt som dette er sjølvsagt ikkje noko kjekt, og me er glade for at politiet tek dette på alvor, seier Hagesæter.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.