annonse

Trur på 2021

FORNØGD
FORNØGD: – Me er godt fornøgde både med frammøte og engasjementet som vart vist her på Voss, seier Anne Lise L. Mastervik i aksjonsgruppa. (Foto: Magne Solhaug)
TRUR PÅ 2021
TRUR PÅ 2021: Stortingspolitikar Terje Breivik (V) er sterk i trua på at fleirtalet vil stemma for K5-oppstart i 2021 når Nasjonal Transportplan skal vedtakast før sommarferien. Breivik fortalde også at den formelle handsaminga av planen startar alt denne veka med open høyring i Transportkomiteen. (Foto: )
VIKTIG SAK Å STØTTA
VIKTIG SAK Å STØTTA: Solveig og Toni Søndergaard frå Vaksdal (t.h.) var mellom publikum på E16-aksjonen på Voss på søndag. (Foto: )

Under E16-aksjonen på Voss på søndag var stortingspolitikar Terje Breivik optimistisk på vegner av K5. – Eg skal kjempa med dykk. Dette skal me saman dra i land, sa Breivik.

Magne Solhaug

– Og med dette meiner eg oppstart i 2021, og ikkje i 2024 slik me sa i Arna, stadfesta Breivik til VP etter seansen.

Trykk

Breivik fortalde også at inntrykket hans var at trykket på stortingspolitikarar frå folk flest i denne saka er rimeleg stort.

– Og argumenta er gode, ingen tvil om det. Aksjonen her på Voss i dag med mykje folk vil bli lagt merke til, sa Venstre sin nestleiar.

– Kor stor sjanse er det for at oppstart i 2021 står i det endelege vedtaket til Nasjonal Transportplan 2018-2028?

– Rimeleg store, meinte Breivik.

Sterk i trua

– Dei er kjempestore. Dette skal me klara, eg er heilt overtydd, fortalde Sveinung Riber, Høgrepolitikar frå Voss, kjent for å tala sin eigen statsminister kraftig imot i denne saka. På Voss var han den einaste av talarane som fleire gonger vart avbroten av klappsalvar frå dei mange frammøtte.

– Du har snakka med Erna om saka?

– Det har eg, og me forstår kvarandre. Ho respekterer at eg som lokalpolitikar er mildt sagt sterkt ueinig med ho, fortalde han.

– Trur du ho og dei andre snur og seier ja til oppstart i 2021?

– Det er eg overbevist om, sa Riber.

Sterke skildringar

I alt 18 stod på talarlista på Voss. Her var klare appellar både frå organisasjonsfolk og politikarar.

Ein som formidla sterke inntrykk frå «Dødsvegen», som E16 er kalla, var brannsjefen på Voss, David Skjerven. Mellom 15 og 20 omkomne hadde han vore med og henta ut etter alvorlege ulukker på E16-strekkja gjennom Voss og Vaksdal.

– Ein gong døydde det tre. To omkom momentant, den tredje låg på vegen og vart operert der og då av legar på Luftambulansen. Eg tenkte med meg sjølv at overlever du, er det eit under. Det gjorde han ikkje, han døydde to dagar seinare, fortalde Skjerven.

Stein på taket

Torgils Rogne, lastebilsjåfør, fortalde om då han køyrande mellom Vaksdal og Stanghelle. Pluteseleg small det forferdeleg frå taket og frontruta sprakk.

– Grunnen var denne, sa Rogne, og viste fram ein 23 kilo tung stein som hadde losna frå fjellskråninga.

Han fortalde at hendinga gjorde slik eit inntrykk at han vurderte å skifta jobb.

– Eg er levande redd når eg køyrer E16. No må politikarane visa oss at me snart slepp å vera redde lenger. Start utbygginga av K5 snarast, oppmoda Rogne.

Lokalt

Også lokale appellar kom frå scena på Sverresplass. Ordførar Eirik Haga retta merksemda mot rasproblematikken, og storrasa dei siste åra, som kom i alle slags vêr. Tre av dei i Vaksdal kommune, og eit ved Bolstad.

– Det rasar meir og oftare enn før, også ein viktig grunn til å starta K5-utbygginga så snart som råd. Det hastar, sa Haga.

Einar Horvei frå Bolstad, SV-politikar og tidlegare lærar på Dale, tok også fram påkjenninga det var å bu langs E16.

– Når eg høyrer sirener på E16 støkk eg alltid. Eg har også kome først til ei dødsulukke på vegen, ei forferdeleg oppleving, fortalde Horvei.

Anne Lise Leiren Mastervik, busett i Arna og opphavleg frå Stamnes, var også på talarlista. Bodskap og krav til styresmaktene var frå ho som frå alle andre: I 2021 MÅ K5-utbygginga starta.

– Viktig å støtta

Mastervik er også med i gruppa som skipa til aksjonen på Voss.

– Me er fornøgde med oppslutninga, veldig flott at så mange kom, seier ho med ein fullsett Sverresplass bak seg.

Mellom desse fann ein også Solveig og Toni Søndergaard, som hadde teke turen frå Vaksdal til Voss.

– Me var også i Arna på aksjonen der. Me synest det er veldig bra med slike arrangement. Det er viktig å ha merksemda retta mot saka over tid, då har ein sjanse til å nå fram. Difor tok me turen også til Voss, fortalde dei to.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()