annonse

Tunnelarbeidet har starta

ARBEID
ARBEID: Det er no starta opp med nattarbeid og kolonnekøyring i Langhelletunnelen. (Foto: Arkiv)

Oppgraderinga i Langhelletunnelen starta måndag denne veka. Frå midten av september startar også arbeidet i Beitlatunnelen.

Kristine Næss Thorsen

– Vegmeldingane på nett og 175.no vert oppdaterte med arbeidstidene kvar veke. Der kan folk gå inn og sjå om det er langstengingar når dei skal ut å køyra, opplyser byggjeleiar Asbjørn Andås.

Tunnelarbeidet i Langhelletunnelen og Beitlatunnelen skal gå føre seg om natta, mellom kl. 22.00 og kl. 05.30. Dei første vekene blir det berre arbeid frå måndag kveld til fredag morgon, men utpå hausten vert aktiviteten utvida til heile veka.

– I utgangspunktet vil kolonnane gå kontinuerleg, med maksimum ein time stenging av tunnelane. Når sprengingsarbeidet startar i september, må derimot tunnelane stengjast i opp til tre timar, av tryggleiksomsyn. Slike stengingar vil skje etter kl. 23.00.

Opna på 70-talet

Både Langhelle- og Beitlatunnelen står på lista over tunnelar som skal oppgraderast for å stetta nye krav til tryggleik og utrusting etter tunneltryggleiksforskrifta. Langhelletunnelen sør for Vaksdal vart opna i 1970, medan Beitlatunnelen ved Dale opna i 1975.

Dei to tunnelane har i lang tid hatt lite lys. No skal begge tunnelane skal få ny vass- og frostsikring, nye lys og tryggleiksutrusting.

– Me er nøgde med å no komma i gang med denne etterlengta oppgraderinga, seier byggjeleiar Andås.

Vedlikehald i Bogatunnelen

I september skal det også utførast vedlikehald i E16 Bogetunnelen, nord for Langhelletunnelen. I denne perioden vil bilar som kjem frå Dale bli stilte opp i kolonnekø på Vaksdal. Når arbeidet i Bogetunnelen er ferdig, blir kolonnekøen flytta nærare Langhelletunnelen.

Assisterande prosjektleiar, Sverre Måge, legg ikkje skjul på at det er utfordrande med eit omfattande arbeid som tunneloppgraderingsprosjektet på ein slik veg.

– E16 er ei svært viktig trafikkåre, med stor trafikkmengd, seier Måge.

knt@vaksdalposten.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.