annonse

Uavgjort mellom Vaksdal og Voss

FORNØGD
FORNØGD: Sjølv om Vaksdal hadde sjansar til å avgjera kampen mot Voss, var lagkaptein Andreas Eide Søberg fornøgd med poengdeling onsdag kveld. (Foto: Esben Hesjedal)

FOTBALL: Det vart 1-1 i ein jamspelt kamp då Vaksdal hadde besøk av Voss onsdag.

Esben Hesjedal

Vaksdal spelte ein god 1. omgang, men det var Voss som kunne gå til pause med leiinga etter ei skåring like før halvspelt omgang,

Heimelaget meinte seg snytt for eit straffespark, då Mathias Dale gjekk ned i feltet. Men dommaren vinka spelet vidare.

Utlikna

Like etter pause fekk endeleg Vaksdal utteljing. Mathias Dale slo inn ein corner, som Andreas Eide Søberg heada mot mål. Thomas Erstad sette ballen inn frå kort hald, og ei kort tid var det uklart om dommaren ville godkjenna målet eller annullera på grunn av offside. Til slutt vart dommar og linjedommar einige om å godkjenna målet, og dermed kunne Vaksdal jubla.

Utover 2. omgang hadde begge lag sjansar til å avgjera. Mathias Dale burde ha skåra på ein kjempesjanse for Vaksdal, medan keeper Odd Andre Boge redda ein stor sjanse for Voss. Boge spelte ein svært solid kamp for Vaksdal.

Fornøgd

Kaptein Andreas Eide Søberg var fornøgd etter kampen.

– Før pause synest eg me var gode, og me burde vel hatt eit straffespark også. Dette var heilt klart eit steg i riktig retning for oss, etter nokre dårlege kampar. Å spela jamt med Voss er ikkje så verst. Uavgjort var kanskje greitt nok, det vart litt trøytte bein utover i 2. omgang, sa Søberg.

– Litt surt

Trenar Rune Herfindal meiner Vaksdal burde ha fått med seg alle tre poenga.

– Me spelar ein god kamp, men det er litt surt at me ikkje klarte å dra det i land. Men me har vel ikkje lov å vera skuffa etter uavgjort mot Voss, og spelemessig viser dette at me er på rett veg, sa Herfindal

– Ein tøff kamp

Bulkaren Ronny Skjelde, som dei siste sesongane har spelt for Dale, kom inn på slutten av kampen og sett fart i Voss. Han syntest poengdeling var greitt.

– Det vart ein tøff kamp, og det visste me på førehand. Vaksdal er eit fysisk sterkt lag som er vanskeleg å spela mot. Me fekk ikkje vårt spel til å gli, og må vera fornøgde med eitt poeng slik kampen utvikla seg, sa Skjelde.

Sine gamle lagkameratar i Dale, som han forlèt før sesongstart, har han stor sympati med.

– Det er ikkje kjekt å sjå den dårlege starten Dale har fått, sa Skjelde.

Vaksdal spelar sin neste kamp på bortebane mot topplaget Osterøy 11. mai. Dale møter Søfteland i morgon, fredag, også det på bortebane.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.