annonse

UKM-utstilling i Turbinen

OPNA
OPNA: Varaordførar Sigmund Simmenes opna utstillinga i Turbinen. (Foto: Kristine Næss Thorsen)
KOSTE SEG
KOSTE SEG: Ingeborg Audestad, Thea Frotveit, Sandra Kalvik, Nathaile Skage og Selma Brattabø synest det er kjekt å vera med på UKM. (Foto: Kristine Næss Thorsen)
DEKORERT DO
DEKORERT DO: En dekorert utedo var ein del av UKM-utstillinga i år. (Foto: Kristine Næss Thorsen)
MANGE BIDRAG
MANGE BIDRAG: Mange av elevane hadde teikna til utstillinga. (Foto: Kristine Næss Thorsen)

Kristine Næss Thorsen

I foajeen i Turbinen heng det no både teikningar, måleri og foto. Ein heimelaga utedo er også blitt eit kunstverk.

Kunsten i Turbinen er ein del av utstillinga i den lokale kulturmønstringa Ung Kultur Møtes.

Teikningane, måleria og fotografane er laga av elevar i 7., 8., 9. og 10. klasse. Utedoen er laga av elevar på alle klassetrinna.

– UKM kan bety fleire ting, til dømes Ung Kultur Møtes. Personleg synest eg Utruleg Kjekt og Moro passar godt, sa varaordførar og pensjonert lærar, Sigmund Simmenes, då ha opna utstillinga.

– Utvikla talent

Han meinte UKM både er gøy og alvor. Det er å utvikla talent, møta likesinna og skapa noko i lag.

– Ein må våga å gjera noko annleis i verda. Det førar til framskritt. Det gjeld ikkje berre i det praktiske liv, men også i kultur, sa han mellom anna.

Jostein Vasstveit, kunst- og handverkslærar for 7. til 10. trinn, fortalde at utedoen er laga den siste veka.

– Me slår eit slag for folkekunsten. Å skribla på utedoen var oldtidas Facebook.

Utedo

Han fortalde at mange frå 7. til 10. klasse hadde bidrege til å laga og dekorera utedoen.

– Kunsten elles er måling, teikning og fotografi. Spesielt fotografia er blitt veldig bra. Dessutan har teikneteknikken blitt betre. No brukar me fargelære på mellomtrinnet og det viser att.

Utedoen skal på utstilling på fylkesmønstringa i UKM på Os og under Daledagane, og den skal kanskje oppgraderast etter kvart. Fleire av måleria og teikningane skal også vera med på fylkesmønstringa.

Fotograferte

9.-klassing Thea Frotveit fortalde at ho hadde teke fleire av fotoportretta som var utstilte.

– Ho eg tok bilete av var med på prosjektet i fjor, så ho hjelpte meg. Det er kjekt å få vist fram kva me kan, sa Thea.

– Ja, det er gøy å vera med på UKM, syntes Sandra Kalvik, som hadde vore med og dekorert utedoen.

knt@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.