annonse

Ulevik fekk JA-prisen

STAMNES
STAMNES: Frank Helge Ulevik fekk Ja-prisen på Stamnes. (Foto: Torben Lilletvedt)

Frank Helge Ulevik fekk 17. mai JA-prisen på Stamnes.

Esben Hesjedal

I grunngjevinga for tildelinga, som Solfrid Straume stod for, vart det slått fast at Ulevik er ein person som utan tvil seier ja til folket og bygda.

Positiv innstilling

– Ein kan nesten ikkje unngå å treffa på Frank Helge, for ein kan trygt seia at han er høgt og lågt i bygda vår, alltid med ei positiv innstilling. Du finn han på Gavastølen, på Jokern, på Kalvikahavet, på vegen, i skogen på jakt etter hjort, på fjellet på jakt etter ryper, i Hålo med gode vener, men aldri på Coopen på Dale. Denne personen er så Stamnespatriot og blodfan av Joker’n på Hedlo, at det er fortalt på folkemunne at ein gong kona hans hadde vore på Dale og kjøpt kylling til middag, nekta han å eta, endå kor svolten han var. Han åt berre kylling som var kjøpt på Jokern på Stamnes, sa Straume med eit smil.

Hjelpsam

Frank Helge Ulevik vert omtalt som ein som alltid er hjelpsam og i godt humør.

– Han har alltid ein kommentar på lur, engasjerer seg i dugnadsarbeidet i bygda, er ein skikkeleg handyman, ein ja-mann og ein praktikar. Han finn alltid ei løysing, uansett. Frank Helge er også ein stabil trommis, prologskribent og skald. Dette gler han stadig sine medmenneske med. Om du vil høyra eit skaldedikt, er det berre å finne noko du treng hjelp med og invitera han på kake og kaffi (sjølvsagt kjøpt på Joker’n på Stamnes). Han seier garantert ikkje nei, sa Solfrid Straume då ho delte ut JA-prisen i Sanden 17. mai.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.