annonse

Ulovleg kryssing fører til at toga må fløyta

BOM STOPP
BOM STOPP: Når bommane er nede, skal ingen kryssa sporet. Her får Anne Wefring Bjørkheim kaffi og informasjon frå Trine Helle Simmenes og Jarle Kallestad i Bane Nor. (Foto: )

Esben Hesjedal

Planovergangen ved jernbanestasjonen på Stanghelle er ein versting når det gjeld farleg kryssing. Det gjer at toga fløyter om nettene.

Trine Helle Simmenes og Jarle Kallestad frå Bane Nor tok nyleg oppstilling ved planovergangen nedom Haldorbrekka. Målet var å informera om at kryssing av planovergangen, når bommane er nede, både er strengt forbode og svært farleg.

– Folk veit jo eigentleg dette, men dessverre så vert det gjort likevel, seier Jarle Kallestad.

Melder frå

Jernbaneveteranen i Jernbaneverket, som no har skifta namn til Bane Nor, fortel at Stanghelle i mange år har lege heilt i landstoppen når det gjeld meldingar om ulovleg kryssing av planovergangar.

– Lokførarane melder frå kvar gong dei opplever ulovleg kryssing. Denne statistikken er det mange gode grunnar for ikkje å vera i toppen av. Det eine er jo sjølvsagt at det er farleg. Det er også belastande for lokførarane. Dei køyrer eit tog dei veit treng ein lang distanse på å stoppa. I tillegg har ein det at ulovleg kryssing er knytt opp mot kor mykje toga må fløyta, seier Kallestad.

Ein samanheng

Det er nemleg slik at dersom det i eit område vert rapportert inn mange ulovlege kryssingar, så er det umogleg å få innvilga stille varsling på nettene.

– Mange er irriterte på at toga fløyter og vekkjer folk om nettene på Stanghelle. I sikkert ti år har eg jobba for å unngå dette, men så lenge statistikken viser at det er mykje ulovleg kryssing og ferdsle langs sporet, så er det umogleg. Så i tillegg til å ikkje utsetja seg sjølve for fare ved å kryssa planovergangen når bommane er nede, så kan ein også gjera heile bygda ei teneste ved å ikkje gjera dette, seier Kallestad.

Tek sjansen

Ein av dei som fekk informasjon og ein kaffikopp hjå Bane Nor sine lokale representantar, var Anne Wefring Bjørkheim.

– Ein del tek nok sjansen på å springa over nett før toget kjem, men det er klart det er risikabelt, seier Bjørkheim, som sjølv var ute i god tid til toget og rakk ein prat med Simmenes og Kallestad før toget til Bergen kom.

Toget ventar

Trine Helle Simmenes peikar på at toget skal venta på passasjerar som står ved planovergangen og må gå over etter at toget har køyrt inn på stasjonsområdet.

– Det er difor unødvendig å ta den risikoen ein del tek med å springa over. Det er også komme rapportar om bilar som har køyrt sikksakk mellom bommar som ligg nede. Det er svært farleg, seier Simmenes.

Og gulrota til stanghellingane, dersom ein klarar å få ned talet på ulovlege kryssingar, kan verta mindre togfløyting om nettene.

– Ja, dersom me kjem betre ut på denne statistikken, så skal eg lova å jobba for å få vekk togfløyting om nettene. For der er det ein klar samanheng, seier Jarle Kallestad.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.