annonse

Ulvsnesøy er til sals

TIL SALS
TIL SALS: Ulvsnesøy er til sals, og taksten er på 10 millionar kroner. (Foto: Arkiv)

Den tidlegare fengsels-øya utanfor Vaksdal er taksert til ti millionar.

Kristine Næss Thorsen

– Me har vore i kontakt med det offentlege om å selja til takst, men sidan det ikkje var interesse har me gått til meklar, seier Anne Marit Presterud, leiar i stiftinga som eig Ulvsnesøy.

I statsbudsjettet som vart vedteke i desember i fjor, gjekk det fram at det er heilt slutt for open soning på Ulvsnesøy, etter 39 år med fengsel på øya. Leigekontrakten med kriminalomsorga går ut i slutten av juni.

– Øya vert lagt ut for sal på den opne marknaden etter påske. Me har berre hatt denne våren på oss, og hadde hatt betre tid om dette hadde vore bestemt tidlegare.

Ville selja til staten

Presterud forklarar at byrådet i Bergen oppretta stiftinga Ulvsnesøy skuleheim i 2014. Målet var at det som gjekk føre seg på Ulvsnesøy skulle vera samfunnsnytting for barn og ungdom, og at øya etterkvart skulle bli selt til staten.

– Øya og området Tangen vart leigd ut til kriminalomsorga for ein rimeleg pris. Stiftinga ønskte at det skulle vera fengsel, og at staten skulle ta vare på øya. Når staten no har bestemt seg for at ein ikkje treng øya til fengsel, vert det avvikling av drifta og sal av eiegdomen.

Pengane frå salet skal gå til barn og ungdom.

– Nøyaktig til kva, skal me finna ut, seier Presterud.

Regulert til tenesteyting

Ho forklarar at øya er regulert til tenesteyting.

– Øya har verkstadar, gardsbygningar og hus med mange bruksmoglegheitar. Stiftinga håpar øya blir brukt til noko fornuftig av dei nye eigarane.

– Har nokon interesserte teke kontakt?

– Ja, men har fått ein del førespurnadar, men det vil gå gjennom meklar, seier Presterud.

knt@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.