annonse

Ulvsnesøy i Stortinget i dag

ULVSNESØY
ULVSNESØY: Saka om den varsla nedlegginga av fengselstilbodet på Ulvsnesøy, skal drøftast i Stortinget torsdag. (Foto: Esben Hesjedal)

SV og Sp fremjar i dag, torsdag, forslag i Stortinget om å oppretthalda fengselet på Ulvsnesøy.

Forslag er at ingen soningsplassar på Vestlandet vert lagt ned, dette i påvente av ei konseptvalutgreiing (KVU) om kriminalomsorga på Vestlandet.

Forslaget vert fremja i samband med ei sak om soningsplassar i Nederland, som skal opp i Stortinget.

– Sp og SV står saman bak forslaget. Ap og KrF har fått forslaget, men om dei går for eigne forslag eller støttar SV/Sp er førebels noko uvisst. Men eg håpar verkeleg forslaget får fleirtal i Stortinget, seier Kjartan Haugsnes i Vaksdal SV.

Han har tidlegare hatt med seg partileiar i SV, Audun Lysbakken, til Ulvsnesøy for å sjå på soningsstaden i fjorden mellom Vaksdal og Bruvik.

Til NRK seier Lysbakken at det er forhasta å leggja ned soningstilbodet på Ulvsnesøy samtidig som ein er i gang med ein stor prosess for å vurdera heile strukturen for soningstilbod på Vestlandet.

– Ulvsnesøy er eit unikt soningstilbod som har gode resultat å visa til, seier Lysbakken.

Vaksdal kommune har tidlegare sendt ein uttale der ein går imot at fengselet på Ulvsnesøy vert lagt ned.

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.