annonse

Ulvsnesøy skal vurderast på nytt

NY SJANSE
NY SJANSE: Fengselstilbodet på Ulvsnesøy skal ikkje leggjast ned før konsekvensane er vurderte på nytt. (Foto: Esben Hesjedal)

Fengselstilbodet på Ulvsnesøy får ein ny sjanse.

Esben Hesjedal

Torsdag ettermiddag gjekk eit fleirtal på Stortinget inn for at det ikkje skal leggjast ned fengselsplassar på Vestlandet før konsekvensane er betre greidde ut.

Opposisjonen

Opposisjonspartia på Stortinget, Ap, KrF, MDG, SV, SP og Raudt, samla seg om eit framlegg frå Knut Arild Hareide (KrF) der Stortinget ber om at det ikkje blir gjennomført nedlegging av soningsplassar eller soningstilbod på Vestlandet før Stortinget er førelagt konsekvensar ved ei eventuell vidareføring av drifta. Fengselsavdelinga på Ulvsnesøy, i fjorden mellom Vaksdal og Bruvik, er spesielt nemnt i vedtaket.

Det vert understreka at for å sikra ei brei utgreiing av konsekvensane, skal avdeling Osterøy ved Bergen fengsel inkluderast i den pågåande KVUen for Kriminalomsorgen Region Vest.

Breitt samarbeid

Stortingsrepresentant for Sp, Kjersti Toppe, fortel at opposisjonspolitikarar frå Hordaland har jobba saman i denne saka.

– Audun Lysbakken (SV), Knut Arild Hareide (KrF) og Ruth Grung (Ap) har jobba saman sidan januar for å prøva å få til eit fleirtal for å redda fengselstilbodet. Ordføraren på Osterøy har eg og hatt tett kontakt med. Me har jobba for at ein i alle fall ikkje gjer noko vedtak før konsekvensutgreiinga (KVU) er levert. Det har me endeleg klart å få til. Forslaget vart vedteke i Stortinget i samband med at Stortinget behandla ei sak om å avslutta soningsplassar i Nederland, opplyser Toppe til VP.

– Glad

– Eg er veldig glad for dette. Her har verkeleg Hordalandsbenken, i alle fall opposisjonen, gjort jobben. Den er ikkje over, men med dette vil det vera eit pusterom, slik at ikkje avgjersler vert tekne utan å sjå heilskapen. Eg og Senterpartiet er svært opptekne av at Ulvsnesøy blir vidareført. Tilbodet er heilt unikt, har svært gode resultat og er nettopp eit tilbod som me meiner norske fengsel skal vera. Det skal ikkje berre vera oppbevaring, men rehabilitering. Det er Ulvsnesøy svært gode på, det viser alle rapportar, seier Toppe.

Haga fornøgd

Ordførar Eirik Haga er godt fornøgd med vedtaket Stortinget gjorde torsdag.

– Regjeringa ville leggja ned Ulvsnesøy før konsekvensutgreiinga var gjort. Det synest eg var ein nokså arrogant framgangsmåte. Fengelstilbodet på Ulvsnesøy er ikkje redda, men ein er sikra at Ulsvesnøy vert vurdert i samband med at heile tilbodet innan kriminalomsorga på Vestlandet skal utgreiast. Det er viktig, seier Haga.

Han fortel at han saman med ordføraren på Osterøy tidlegare har hatt møte med byråd Dag Inge Ulstein i Bergen kommune.

– Det er Bergen kommune som eig stiftinga som eig Ulvsnesøy. Eit viktig moment var å få klarlagt at det for Bergen kommune ikkje er noko hast med å selja øya, slik ein gjerne kan ha fått inntrykk av tidlegare. Eit anna poeng er at vedlikehaldsbehovet må klargjerast betre. Frå enkelte hald er det sagt at det er på 100 millionar, medan andre meiner vel 30 millionar, seier Haga.

Godt tilbod

Haga peikar på at fengelstilbodet har gode tal å visa til når det kjem til tilbakefallsprosent og utdanning for dei innsette.

– Ulvsnesøy er eit fengsel som verkar. Dei som sit i fengsel skal etterpå verta naboane våre, det er eit viktig perspektiv. Tilbakefallsprosenten er lågare enn i andre fengsel, og talet på innsette som tek utdanning og fagbrev her er høgt. Ein må ha rehabiliteringsperspektivet med seg når ein vurderer fengelstilbodet i landet vårt. Her kjem Ulvsnesøy svært godt ut, meiner ordførar Haga.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.