annonse

Ungdommar må ta utfordrande val

YRKESMESSE
YRKESMESSE: Helsesjukepleiar Katrine Hesjedal-Johannessen var mellom dei som stod på Vaksdal kommune sin stand. Her kunne ein få ein humørfylt synssjekk. Frå venstre elevane Mari Zou Verpelstad, Tuva Faugstad og Kari Sigurdson. (Foto: Esben Hesjedal)

Yrkesmessa i Turbinen torsdag kveld viste at dagens ungdom har mange moglegheiter når dei skal velja utdanning og kva dei skal jobba med. Samtidig står dei ovanfor vanskelege val.

Esben Hesjedal

Tradisjonen tru var det yrkesmesse i Turbinen, der lokalt næringsliv presenterte seg for avgangselevane ved ungdomsskulane i Vaksdal og foreldra.

I tvil

Mari Zou Verpelstad var mellom elevane på yrkesmessa. Ho er ikkje sikker på kva ho ønskjer å jobba med i framtida.

– Det er litt vanskeleg å vita kva ein skal bli, og det er litt skummelt å tenkja på at ein kan velja feil.

Stanghellejenta fortalde at 1. mars er søknadsfristen for vidaregåande skule, og at ho innan då må ha bestemt seg for kva skule ho ønskjer å gå på etter ungdomsskulen.

– Då skal me ha søkt, og eg trur det blir gymnas. Men eg har ikkje bestemt meg for om det blir på Voss eller i Bergen, sa 15-åringen.

Ingrid Eliassen og Emma Jakobsen var også i tvil.

– Me har vore på skulebesøk på Voss, og snart skal me reisa til Bergen og sjå på nokre skular der. Etter det håpar me at det vert lettare å velja, sa dei.

K5 gjev moglegheiter

Før 15-åringane fekk rusla rundt og besøkja standane til bedriftene, var det ein felles seanse der kommuneplanleggjar Gjertrud Karevoll snakka om moglegheitene som kjem med ny veg og bane gjennom Vaksdal kommune. Kortare reisetid til Bergen, til dømes, vil gje heilt nye moglegheiter.

– I 2040, når K5-utbygginga kanskje er ferdig, er de kring 35 år. Då har det skjedd mykje på mange plan, og me håpar de vil busetja dykk i Vaksdal og vera med å utvikla kommunen, sa Karevoll.

Teknologi

I tillegg var Dag Finne, som jobbar i Bergen Teknologioverføring, invitert for å snakka om framtidas moglegheiter.

Finne, som er busett på Evanger, fortalde at ny teknologi endrar måten ein jobbar på, og at kva yrke og jobbmoglegheiter dagens unge har i framtida, veit ein lite om i dag.

– For dykk trur eg det vil vera bra å skaffa seg utdanning og kompetanse slik at ein kan jobba med morgondagens teknologi. Eg trur mange av dykk kjem til å jobba med ei eller form for teknologi. Det me ser er at der det tidlegare var vanleg at fagmiljø jobba kvar for seg med sitt, så er framtida at fagmiljøa i mykje større grad må samarbeida, sa Finne.

Balanse

Han hadde også nokre tips til dei unge.

– Tenk over kven du er, kva du likar og ikkje gjer nødvendigvis det som andre seier. Kjenn etter om dei råda du får stemmer med det du sjølv vil.

Han oppmoda også ungdommane til å finna ein god balanse mellom skule/jobb og fritid.

– Prioriter tid med dei som bryr seg om deg og som du bryr deg om. Arbeid deg aldri i hel, verken med skule eller jobb. Finn ein balanse mellom det du likar å gjera på fritida og jobb/skule, sa Dag Finne.

eh@vp.no



Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.