annonse

Usemje om bru over ny jernbanestasjon

VIL HA BRU
VIL HA BRU: Bane NOR vil ha overgangsbru mellom plattformene på Dale stasjon, slik illustrasjonen viser. Kommunen vil heller ha ein undergang mellom plattformene. Opninga i undergangen vil vera mot BKK, til høgre i illustrasjonen. (Foto: Bane Nor/ill)

Bane NOR vil ha overgangsbru mellom plattformene på Dale stasjon. Kommunen meiner ein undergang frå plattforma til BKK-sporet på nedsida mot Sandliane er betre for nærmiljøet. Usemja kan føra til at ingenting vert gjort med Dale stasjon.

Kristine Næss Thorsen

Bakgrunnen for diskusjonen om overgangsbru eller undergang ved Dale stasjon, er som VP tidlegare har skrive Bane NOR sine planar om oppgradering av jernbanestasjonen. Den skal mellom anna vera universelt forma ut, 30 meter lenger enn i dag og planfri kryssing inngår i planane.

Vaksdal kommune og Bane Nor har vore i møte, utan å bli samde om korleis stasjonen skal sjå ut.

– Dominerande

Kommuneplanleggjar Gjertrud Karevoll meiner at ein undergang vil kunne ha ein funksjon i nærmiljøet.

– Den kan inngå og bli brukt som ein del av eit turvegnett. Samstundes er det den kortaste samanbindinga mellom plattformene.

Ho legg vekt på at Dale stasjon på lik linje med Dale Fabrikker er verneverdig kulturhistoriske objekt.

– Ei gangbru blir høgare enn Dale stasjon, noko me meiner at visuelt blir veldig dominerande i landskapsbiletet og står i dårleg kontrast til det kulturminneverdige.

Ordførar Eirik Haga forklarar at stasjonen vil vera ein del av trafikktryggleiksarbeidet, og at ein undergang vil vera å føretrekkja.

– Denne vil komma ut ved BKK-sporet, der me kan laga ein sykkelsti, som kan bidra til tryggare ferdsel ned mot Turbinen.

Billigare med bru

Det er sett av 200 millionar kroner i Nasjonal transportplan til ombygging av både Evanger og Dale stasjon. Ei overgangsbru vil bli 10–15 millionar billigare enn ein undergang, opplyser Karevoll.

Haga peiker også på at ein undergang vil føra til mindre driftsutgifter, sidan ei bru vil måtta ha heis.

– Frå starten var begge alternativa med i planprosessen. At det eine no er forlate, er eit økonomisk spørsmål, seier Haga.

Catherine Holter, prosjektleiar ved Bane NOR, seier det spelar inn at ei gangbru er rimelegare og enklare å byggja enn ein undergang.

– 200 millionar til begge prosjekta er knappe rammer, som me må forholda oss til.

Ho meiner i motsetnad til kommunen at ei overgangsbru er betre for stasjonsmiljøet enn ein undergang.

– Ei bru vil gje mindre avtrykk på stasjonen. Me slepp å riva garasjen på stasjonsbygningsida og ein gammal driftsbygning på den andre sida. Me har vurdert fleire alternativ til undergang, og felles for dei er at dei er krevjande å byggja og vil ta stor plass på og rundt stasjonen.

– Betre tilkomst

Holter meiner også tilkomsten til dei ulike plattformene blir betre med ei gangbruløysing.

– Me skal sikra god tilkomst mellom to plattformer. Løysinga med gangbru er den beste, også for rørslehemma, sidan me legg opp til heis i begge endar.

Ein undergang vil bli vanskelegare å byggja, meiner Holter.

– Med ein undergang vil det bli betre tilkomst for dei som bur på nedsida, medan alle andre vil få vel så god tilkomst med overgangsbru.

– Knappe rammer

– Kommunen fryktar at ei overgangsbru vil bli veldig dominerande i landskapet?

– Me er ikkje redde for det. Ut frå førebelse skisser vil brua bli om lag ti meter høg, og me vil leggja vekt på at den skal passe inn i stasjonsmiljøet. Du vil så vidt skimta den frå sentrum, og står du nedanfor vil du knapt sjå den på grunn av høgdeforskjellen i terrenget. Den vil endra stasjonsmiljøet, men me trur det vil verta på ein positiv måte som eit nytt merke på kartet over Dale. Til dømes vil den gjera at ein ser stasjonen betre frå E16. Me har bygd slike bruer på fleire stasjonar rundt i landet dei seinare åra, og dei har glidd fint inn i miljøet.

Formannskapet bestemmer

Korleis Dale stasjonen blir, vil bli røysta over i formannskapet. Dersom formannskapet ikkje er samde med Bane Nor, kjem ikkje den nye stasjonsplanen ut på høyring.

– Utfordringa er at Dale stasjon allereie kan ta imot dei nye togsetta slik den er i dag, medan me er nøydde til å byggja om stasjonen på Evanger. Dersom kommunen seier nei til løysinga med overgangsbru, må me prioritera Evanger først og risikerer at Dale stasjon blir verande slik den er i dag. Dette meiner me vil vera uheldig, sidan me har eit sterkt ynske om å få ein meir moderne, universelt forma ut og sikrare stasjon ved å byta ut planovergangen med planfri kryssing av jernbanesporet, forklarar Holter frå Bane NOR.

– Dei trugar med at Dale stasjon blir som den er i dag, men eg veit ikkje om det er hald i det. Oppdraget til Bane NOR er plattformforlenging og planfri kryssing, og dette kan veldig godt løysast med ein undergang, kommenterer Karevoll.

knt@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.