annonse

Usikker på NM-deltaking

NM ELLER IKKJE
NM ELLER IKKJE: Erling Fagerbakke Fosse har mista mange treningsdagar grunna sjukdom. (Foto: Arkiv)

LANGRENN: Berre dagar før NM i langrenn startar på Gåsbu ved Hamar er Erling Fagerbakke Fosse usikker på om han stiller på startstreken.

Magne Solhaug

Vaksdal kommune sin beste langrennsløparar har nemleg vore sjuk sidan jul, og først denne veka var han tilbake på ski etter ein høgst ufrivillig «viruspause».

Kjedeleg etter flott sesongstart

– Veldig kjedeleg sjølvsagt, etter den gode sesongstarten eg hadde, seier Erling, som markerte seg både i sesongopninga på Beitostølen i november og Noregscupen på Gålå like etter. Så skulle han fylla på med god mengdetrening før NM sin første del, no til helga. Det skar seg.

Står på startlistene

Erling er uansett påmeldt i NM-øvingane 15 km friteknikk fredag og 30 km med skibyte laurdag. Planen har også vore at han saman med Sjur Røthe og Vebjørn Turtveit, skulle vera med på Voss sitt stafettlag på søndag. Her er Røthe, som sist helg måtte bryta Tour de ski, også svært usikker på NM-deltaking.

– Om eg reiser trur eg ikkje at eg stiller på alle distansane, sjølv om første treningsøkta i dag gjekk fint, sa Erling til VP tidlegare i veka.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.