annonse

Utvidingsplanar på Dalegarden

KAN KOMMA FLEIRE NYBYGG
KAN KOMMA FLEIRE NYBYGG: Det er tomta i bakgrunnen, ved sida av Dalegarden Outlet & Cafe, som Kjell Ove Dalseid er interessert i. Til venstre E16 og Dale Trelast. (Foto: Magne Solhaug)

Berre nokre månader etter at Dalegarden Outlet & Cafe opna, ønskjer eigarane å utvida med eit eller to nye forretningsbygg på nabotomta.

Magne Solhaug

Det er den ti mål store tomta på industriområdet mellom noverande bygg og Beitelen, som Kjell Ove Dalseid er interessert i.

Dialog med kommunen

Til VP fortel han at han har alt diskuterte saka med folk i kommunen, og nyleg sende han også ein førespurnad om å få kjøpa tomta.

– Om me også kan få liknande gode vilkår som me fekk då me kjøpte tomta der nybygget står, så er sjansane store for at dette er noko me vil gå vidare med, seier Dalseid.

Om kva som eventuelt skal komma på tomta, vil han ikkje seia så mykje om i dag.

– Men om dette vert aktuelt, så er det førebels snakk om nyetableringar innan handel og anna sørvisverksemd, seier Dalseid.

Dobbelt så stort areal

Tomta som Dalegarden Outlet & Cafe i dag eig er på om lag fem mål, ei tomt som Dalseid kjøpte for 230.000 kroner. Tilleggstomta det her er snakk om er dobbel så stor, 10 mål.

– Kor tid ei eventuell utbygging kan starta, er umogeleg å seia. No får me først sjå om dialogen med tomteeigar Vaksdal kommune fører til noko konkret, seier Kjell Ove Dalseid.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.