annonse

Vaksdal-Dale blir «TV-kamp»

SENDER LOKALOPPGJER
SENDER LOKALOPPGJER: Rune Eriksen og folka hans i Bergensavisen sender komande laurdag toppkampen i 6. divisjon frå Vaksdal idrettspark mellom Vaksdal og Dale på nett-TV. (Foto: Privat)

FOTBALL: BA (Bergensavisen) stiller i Vaksdal idrettspark laurdag og sender lokaloppgjeret mellom Vaksdal og Dale på ba.no.

Magne Solhaug

– Me kjem til Vaksdal med kamera og kommentator, me har grafikk på skjermen som viser resultat og klokke, og me håpar og trur det vert ein spennande og god fotballkamp som me skal senda på ba.no, seier nyheitsredaktør i BA, Rune Eriksen til VP.

– Ein kamp med nerve

Tysdag var han på Vaksdal og sjekka tilhøva.

– Signala var greie dei, så her skal det bli sending, lovar han.

Eriksen håpar at dette blir ein kamp med nerve, stor spenning og mykje folk på tribunen.

Toppoppgjer

– Og så er det då eit toppoppgjer i 6. divisjon der begge dei lokale laga i Vaksdal susar mot opprykk. Dette blir skikkeleg moro, seier Rune Eriksen i BA.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.