Vaksdal viste godt igjen på UKM
Førre helg reiste Vaksdal sine representantar til UKM sin fylkesfestival i kulturhuset på Husnes.
– Det var flotte og intense dagar i Kvinnherad med ungdom frå heile fylket, fortel kulturskulerektor Sindre Sortland.
På dei tre framsyningane laurdag og to på søndag fekk publikum oppleva song, instrumentalmusikk, dans, tekstar og film. Det var ungdommane frå Vaksdal som opna heile festivalen.
– Ein raud trå
– Ungdomspolitikar Anna Elisabeth Øyrehagen Akselvoll hadde opningstalen, og det var kanskje ein raud tråd mellom politikaren frå Vaksdal og bandet K5. Dei spelte Troubled Times av Green Day på ein flott måte.
K5 består av Hilde Vik Dale på song, Julie Dalseid Landro på tangentar, Emil Vaksdal på gitar, Njål Sæterdal Hægland på bass og Åsmund Vetle Bru Nøkling på trommer.
På dag to av festivalen spelte Emilie Instøy Sellevold låten I’ll be good av James Young.
– Publikum var strålande, og alle som var på scena fekk god respons frå salen. Om ein skal dømma ut frå responsen i publikum hadde Emilie nytta tida godt til å få mange vener på festivalen, fortel Sortland.
Fotografar
Vaksdal hadde også fire deltakarar i UKM-media, Hanna Faugstad, Mari Zou Verpelstad, Kari Boge Sigurdson og Lisa Sellevold.
– Dei var mindre synlege på scena, men dei jobba i kulissane og hadde den svært viktige og krevjande jobben med å fanga opp festivalen gjennom kameralinser. Utan dei hadde me ikkje fått så flotte bilete frå festivalen, og dei fire var om lag ein tredjedel av heile mediegruppa.
Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.