annonse

Vaksdalsiger i Vertshucupen

VINNARAR
VINNARAR: Krækane Wanderers vann a-klassen. Frå venstre Andreas E. Søberg, Irving Sæterdal, Kim Andre Njaastad, Thomas Erstad, Kristian Eikeland, Andreas Erstad og Erik Een. Fremst keeper Rune Herfindal. Bak har Even Boge frå finalemotstandar Even Boge lurt seg med på biletet. (Foto: Esben Hesjedal)
VINNARAR
VINNARAR: Hot’n Sweet vann dameklassen. Framme frå venstre Sandra Stavenes og Vilde Ragnvaldsen. Bak frå venstre Marthe Karlsen, Cecilie L. Tefre, Julie Karlsen, Alexandra Fenne, Synne Ragnvaldsen, Sandra Kvamme og Marte Risnes Iversen. (Foto: )
VINNARAR
VINNARAR: True Believers of Heavy Metal vann b-klassen. Bak frå venstre Kenneth Sandvik, Ørjan Furubotn, Dan Børge Høvik, Arild Soltvedt, Stian Sellevold, Torbjørn Solligard og Morten Iversen. Framme frå venstre Jan Erik Soltvedt, Dagfinn Hvidsten, Trygve Wangen Røst Tøsse og Kristian Frantzen. (Foto: )
POKAL
POKAL: Skaragutane og Marius Kvamme Tollefsen (t.h.) fekk årets Verthuscup-pokal frå Dale IL, ved Erlend Ragnvaldsen. (Foto: )
: Vertshuscupen 2017 (Foto: )
: Vertshuscupen 2017 (Foto: )
: Vertshuscupen 2017 (Foto: )
: Vertshuscupen 2017 (Foto: )
: Vertshuscupen 2017 (Foto: )
: Vertshuscupen 2017 (Foto: )
: Vertshuscupen 2017 (Foto: )

Krækane Wanderers frå Vaksdal gjekk til topps i a-klassen under Vertshucupen.

Med 2-0-siger over Kraksagjelæ Ballklubb tok laget, som bortsett frå to vossingar og nokre spreke oldboysar, består av spelarar frå Vaksdal sitt a-lag i 6. divisjon, sigeren på «bortebane» på Geitabakken.

Thomas Erstad og Erik Een skåra i finalen, der mellom andre Tonny Tysnes, Preben Sandvik og Elias Tvedt frå Dale sitt a-lag måtte sjå seg slått.

Med Daledagskampen frisk i minnet, som Dale vann, var vertshuscupsigeren som ein revansj å rekna.

– Ja, det er ekstra deilig å slå dalingane på Geitabakken i dag, smilte Thomas Erstad.

Sterk damesiger

I dameklassen vart laget Hot’n sweet for sterke for Dei Hine, og finaleresultatet vart heile 6-1. Sandra Stavenes og Vilde Ragvaldsen sytte for at det stod 2-0 til pause. Synne Ragnvaldsen la på til 3-0 i byrjinga av 2. omgang, før Kine Vedå reduserte. Tre mål av Vilde Ragnvaldsen og Alexandra Fenne (2), gjorde at det ikkje var tvil om kven som skulle løfta pokalen i denne klassen.

– Kampen var jamnare enn sluttresultat vart, men veldig kjekt å vinna. Og stas å komma heim igjen og spela vertshuscup, smilte den utflytta stanghellejenta Sandra Kvamme på vinnarlaget.

Spennande b-finale

I b-klassen fekk publikum servert den mest spennande finalen. Det måtte straffesparkkonkurranse til for å skilja Best Western og True Believers of Heavy Metal. Sjølve kampen ende 2-2 etter at Sjur Brattabø og Lars Ringdal hadde skåra for førstnemnde, som har utspring på Stanghelle Vest. Kompisgjengen med musikkelskarar av det harde slaget slo tilbake med skåringar av Ørjan Furubotn og Stian Sellevold. I straffesparkkonkurransen til slutt heldt Dagfinn Hvidsten kontroll på nervane og sytte for jubel og siger for True Believers of Heavy Metal, nett slik som i fjor.

Toppskårarar

Dei som skåra flest mål i dei ulike klassane fekk pokal. Toppskårar i dameklassen var Malin Skjerve med fem mål, medan Andreas Erstad skåra flest i a-klassen, også han med fem mål. I b-klassen var det Roy Rabben som hadde flest mål med sine åtte.

Skaragutane

Skaragutane frå Stanghelle, som er det laget som har lengst fartstid i Vertshuscupen, fekk heiderspokalen.

– Skaragutane hadde med tre damer på laget sitt, og er representantar for Verthuscupen nett slik intensjonane er. Laget har fokus på det sosiale og det å ha det moro, sa Geir Karstensen i Dale IL, senior, då Marius Kvamme Tollefsen fekk Skaragutane sin pokal.

eh@vp.no






Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.